Svært høg vasstand måndag og tysdag

Klikk for stort bileteSlik såg det ut i Fosnavåg i dag mandag 13.01.2020 (Foto: arkiv) Wenche Moltu Herøy kommune har motteke beredskapsvarsel frå fylkesmannen om at det vert svært høg vasstand måndag og tysdag.

Varselet gjeld frå Stadt til Frøya. I varselet står det at det er venta ekstremt høg vasstand natt til tysdag, 80-100 cm høgare enn det tidevasstabellen viser. Dette kan føre til flaum mange stadar og øydeleggingar på infrastruktur og bygg i strandsona.

Vasstanden er venta å vere høgast kring kl. 11–14 måndag og kl. 00–02 tysdag. 

Har du båt? Sjekk fortøyingane. Elles er det viktig å sikre lause gjenstandar i naust og i strandsona. 

Oppdatert varsel om tidevatn finn du på Kartverket sine nettsider.