Svein Arne Orvik vert ny kommunikasjonssjef

Svein Arne Orvik skal leie kommunikasjonsavdelinga i Herøy kommune. Privat Svein Arne Orvik er tilsett som ny kommunikasjonssjef (avdelingsleiar kommunikasjon) i Herøy kommune.

Svein Arne Orvik er 43 år og bur med familie i Ulsteinvik. Han kjem frå stillinga som seniorrådgivar i kommunikasjon i Eldreombodet. Orvik har tidlegare vore leiar for demokrati og kommunikasjon i Ulstein kommune, informasjonssjef i Språkrådet og rådgivar på Stortinget. 

– Satsingane og resultata til Herøy kommune på kommunikasjonsfeltet er sterke. Det viktige samfunnsoppdraget og dei høge ambisjonane til kommunen motiverte meg til å søke, seier Orvik. 

– Det blir stort å få vere med på å yte gode tenester i Herøy med språk og kommunikasjon som verktøy, legg Orvik til.

Han startar delvis i jobben i veke 42 for å få ein overlapp med avtroppande kommunikasjonssjef, Iselin Nevstad Øvrelid.

Frå veke 46 (14. november) er han 100 % på plass i Herøy kommune.

– Eg kjenner Herøy som ein god samarbeidspartnar frå tida i Ulstein kommune. No ser eg fram til å bli kjent med alle eg skal få gleda av å jobbe saman med, avsluttar Orvik. 

Vi ønskjer Svein Arne Orvik velkomen til Herøy kommune!