Ta høgde for koronavaksinen i sommarferien

Mostphotos Det vert nok ein annleis sommar i år også, men vi kan heldigvis sjå fram til vaksinasjon i år. Helsestyresmaktene seier vi skal pårekne at alle vaksne over 18 år har fått første dose av koronavaksinen rundt 1. august.

Det betyr at du bør ta høgde for at du kan få koronavaksinen i ferien din. 

Tida mellom 1. og 2. dose er forlenga til 12 veker for prioriteringsgruppe 8. og 9. Om du får tilbod om vaksinen i sommar, vil det gå over sommaren før du skal ha dose 2.

Vaksinasjon i den kommunen du bur i

Vaksinen skal du ha i kommunen du bur og oppheld deg i. Det betyr at du ikkje kan ta 1. dose her og 2. dose ein annan stad. Du kan heller ikkje ta 1. dose der du ferierer, og så ta 2. dose i Herøy. 

Helsestyresmaktene har såleis varsla at vi skal førebu oss for større vaskineleveransar fram mot sommaren. Vi er førebudde på at vi står føre ei massevaksinering når det er ferietid. Vi kjem sjølvsagt til å ta imot alle vaksinar vi får for å kome i mål med vaksinasjon av alle innbyggjarane våre så raskt som råd er.

Varslar tidlegare beskjed om leveransar

Slik situasjonen er no, veit vi om lag ei veke i forkant om kor mange vaksinedosar vi får levert. FHI har varsla at dei vil prøve å gi tidlegare beskjed om leveransar av vaksinane når det nærmar seg ferietid. Dette for at vi kan opne for sjølvbestiling av timar tidlegare og at du som innbyggjar får høve til å planlegge i alle fall litt meir for når du bør halde deg heime for vaksinasjon. Dette vil vi informere meir om når det nærmar seg sommaren.

FHI har laga ei oversikt over når ein kan vente seg å få tilbod om vaksine.. Dette kan bli endra, og er ingen fasit for korleis det blir.

Kva prioriteringsgruppe kjem først? Oversikta finn du på FHI sine nettsider her.

Har du registrert deg for vaksinasjon i Herøy? Gjer det her.