Ta koronatest

Klikk for stort bilete Mostphotos Har du vore på reise i påska eller fått besøk? Då er det svært viktig at du tek ein koronatest dersom du får det minste symptom på luftvegsinfeksjon eller forkjøling.

- Det er berre på denne måten vi kan finne ut av om vi har smitte i lokalsamfunnet vårt og vi har god kapasitet ved legesentera til å teste fleire, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Vi utfører ordinær testing måndag - fredag ved begge legesentera våre i Herøy. 

Her kan du bestille test.

Kva er typiske symptom på covid-19?

Usikker smittesituasjon

- Det er verkeleg tida for å vere årvaken knytt til smitte. Vi ser ulike utbrot i nabokommunane våre og i regionen generelt. Vi bør derfor vere grundige med smitteverntiltaka - hald deg heime om du er sjuk, gjennomfør grundig hand- eller spritvask og hugs avstand. Bruk munnbind i det offentlege rom der ein ikkje kan halde to meter avstand, oppmodar kommuneoverlegen. 

Test borna!

Det er også all grunn til å teste borna.

- Nye føringar frå Folkehelseinstituttet seier at ein ikkje lenger skal vente og sjå det an før ein testar borna. Med nyoppståtte symptom skal ein ta test med ein gong, seier kommuneoverlegen som viser til at testing av born ikkje treng å skje via naseprøve, men hals dersom det er vanskeleg å gjennomføre ordinær test. Det vert ei vurdering mellom den som gjennomfører testen og foreldra.

Korleis får eg svar?

Om prøva er positiv, vil kommuneoverlegen få beskjed straks prøvesvar ligg føre og smittesporingseininga i Herøy vil starte arbeidet med å kontakte nærkontaktar som må i smittekarantene og ta test. Nærkontaktar av nærkontaktane til den som er smitte må vidare i ventekarantene til testsvar av nærkontaktar ligg føre.

Normalt kjem prøvesvara etter 1-2 dagar. Svaret finn du på helsenorge.no.

Les meir om karantene her.