- Ta test for at vi skal ha kontroll

Utbrotet i Ørsta/Volda blant ungdom viser at pandemien dessverre ikkje er over, seier kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen. No oppmodar han alle om å teste seg ved det minste symptom for å kunne avdekke smitte.

Alt tyder på at smitten har fått spreidd seg blant unge tidleg i 20-åra. Dei smitta har vore på fleire festar og særleg My kitchen i Volda på laurdag kveld utpeikar seg. Her har truleg svært mange blitt smitta.

- Vi veit at mange ungdomar møtast på tvers av kommunegrensene, så eg vil oppmode alle unge som vaksne som har vore i kontakt med personar som er omfatta av utbrotet i Ørsta/Volda om å ta ein test. I tillegg bør du ta test om du kjenner på symptom, seier Aasen.

- Hugs også å halde avstand, god handhygiene og hald deg borte frå samlingar med vener om du sjølv berre har svake symptom.

Du kan bestille tid for testing i Herøy her.

Les meir om situasjonen på Volda kommune sine nettsider her.

Les også på Ørsta kommune sine nettsider her.

Er du nærkontakt? 

Definisjon på nærkontakt:

  • Nærmare enn to meter i meir enn 15 min eller fysisk kontakt.
  • Om ein har vore i lag innandørs over tid vil ein også bli rekna som nærkontakt, t.d på ein fest eller samankomst.

Følgande gjeld for nærkontakter:

Fullvaksinert:

  • Ikkje pålagt karantene eller testing.
  • Vi oppfordrar likevel til test, særleg ved symptom.

«Beskytta», det vil seie ein vaksinedose for meir enn tre veker sidan:

  • Ikkje pålagt karantene, men er pålagt test mellom dag 3 og 7.

Uvaksinerte:

  • 10 dagars karantene
  • Ein bør teste seg så fort som mogeleg
  • Ein kan teste seg ut av karantene om ein testar seg på dag 8 etter siste kontakt med den smitta.

Nærkontaktar til nærkontaktar er ikkje i ventekarantene og kan oppføre seg som normalt. Dersom nærkontakten har symptom eller ein sjølv har symptom er det fornuftig å halde seg heime til vedkomande eller ein sjølv får svar på testen.