Camilla Kvalsvik Aksnes
– Det var godt oppmøte, og på programmet stod både informasjon om brannførebygging ved Frank Steinsvik og Lene Utseth, informasjon om den revurderte kvalitetsstandaren for tildeling av helse- og omsorgstenester ved Inga Lill Slenes Bjørnstad, og informasjon om status for Svingen frå Monica Torvik Stokset, fortel Camilla Kvalsvik Aksnes, fagkonsulent i pleie og omsorg.
– Det vart ei fin stund der støttekontaktane fekk treffast og snakkast. Tenesta støttekontakt har auka dei siste åra, noko som er forventa med tanke på at vi blir fleire eldre i kommunen. Mange har stor nytte og glede av tenesta, og den kan vere med på å bidra til ein meir aktiv kvardag og redusere einsemd. Tusen takk til alle som er støttekontaktar. De gjer ein viktig og god jobb i samfunnet, seier Aksnes.