Test røykvarslarane 1. desember

Brannskap ved eit brennande hus - Klikk for stort bileteLevande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula. Adobe Stock

I Herøy kommune har det dei siste fem åra vore 18 bustadbrannar. Røykvarslaren reddar liv. Test røykvarslarane og byt batteri ved behov på røykvarslardagen 1. desember. 

Vinteren er høgsesong for bustadbrannar. Røykvarslardagen er eit fleirårig samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Det lokale eltilsynet, brannvesenet og Gjensidige. 

 Alle kan bli betre til å tenkja branntryggleik. Det viktigaste du kan gjere for branntryggleiken i heimen er å sjekke at alle røykvarslarane i bustaden verkar som dei skal, og at dei kan høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka, seier Lene Utseth, førebyggande brann. 

Ekstra risiko i jula

Alle må ha minst éin røykvarslar i kvar etasje. Røykvarslarar bør testast jamnleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det klart beste er å ha seriekopla varslarar.

 Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula,  særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å teste røykvarslarane og å byte batteri på røykvarslardagen 1. desember, seier Lene Utseth. 

Finn ut kva varslar du har

Det er fleire forskjellige typar røykvarslarar. Nokre har ein «test»-knapp som ein kan trykkja på for å sjekka om det kjem pipelyd. Andre har eit brannalarmanlegg som seier i frå automatisk viss ein må byte batteri. Finn ut av kva for ein type du har heime, test røykvarslaren og byt batteri viss det er behov for det.

På røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som gjer branntryggleiken betre.

Kontaktperson: Lene Utseth, førebyggande brann, tlf. 99 21 00 02