Testing til koronasertifikat skal vere gratis

 

Har du planar om å delta på arrangement og innanlands- og utanlandsreiser treng du koronasertifikat.

Testing til koronasertifikat til arrangement og ved innanlands- og utanlandsreiser skal vere gratis for innbyggjarane. Les meir her. Som innbyggjar i Herøy kan du ta kontakt med din fastlege for å sjekke om du får ta test der, eller  du kan ta kontakt med private tilbydarar for å få utført test.

Gratis test vert utført av Medi3

Utanlandsreiser

Det er ulike regler for innreise i alle land og kva som krevjast av dokumentasjon, kva som er eit gyldig koronasertifikat. Vel du å reise, må du sjølv sette deg inn i reglene for karantene, testkrav og smittevern i landet du skal til. 

Arrangement

For å sikre at deltakar på eit arrangement får høve til å skaffe seg koronasertifikat på bakgrunn av negativ test, skal arrangørar inngå avtale med ein eller fleire testtilbydarar.

 

Slik testing må skje i forkant av arrangementet, men ikkje tidlegare enn 24 timar før.

Koronasertifikatet

Slik bukar du koronasertifikatet til andre land i Europa

Slik bruker du koronasertifikatet på større arrangement i Noreg

 

Testing for COVID-19 certificate is free (PDF, 399 kB)