Testing ved teststasjonane i Herøy

Klikk for stort bilete 

Alle som er friske og som skal testast for Covid-19 etter krav frå arbeidsgjevar, flyselskap eller på grunn av reise over landegrensene eller andre, vert vist til private medisinske verksemder som t.d. bedriftshelsetenesta.

Herøy kommune har to teststasjonar, ein ved kvart av legesentra. Deira hovudoppgåve er å utføre testar ved mistanke om Covid-19-sjukdom, og ved smittesporing. Slik er det organisert i andre kommunar også.

Grunnlaget for å utføre slike testar, der staten dekkjer kostnadane både ved prøvetaking og analyse, er dei indikasjonar som Folkehelseinstituttet har sett opp:

  1. Alle med akutt luftveisinfeksjon eller andre symptomer på covid-19
  2. Alle som har vært utsatt for smitte med covid-19, enten som nærkontakt eller etter reise i land eller region med høy forekomst de siste 10 dagene.* 
  3. Personell på sykehjem**
  4. Andre grupper etter vurdering av lege. 
  5. Alle som selv mistenker at de er smittet av covid-19, bør få anledning til å teste seg. 

Etter kvart er det kome ei rekkje krav om å legge fram ny test for Covid-19 frå arbeidsplassar, reise, reiarlag, flyselskap osv. før ein får gå på arbeid eller om bord. Dette er altså testar som ikkje har eit grunnlag i symptom på sjukdom, mistanke om smitte eller smittesporing.

Våre teststasjonar er ikkje dimensjonerte for å utføre disse oppgåvene, og staten dekkjer heller ikkje kostnadane. Det er den einskilde arbeidsplass eller person som må dekkje kostnadane ved slike rutinetestar.

Vi må difor henvise alle som skal ha testar som er kravd av arbeidsgjevar, flyselskap eller andre, til private medisinske verksemder som t.d. bedriftshelsetenesta, for å få utført slike testar.