Tidlegrøysting frå 1. juli 2019

Klikk for stort bileteDu kan tidlegrøyste i servicetorget på rådhuset. Lene Utseth til venstre er røystemottakar, og Lisbeth Moltu Espeseth er valmedarbeidar i Herøy kommune. Her lagar dei alt klart til mandag 1. juli.

 

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019: Frå og med 1. juli 2019 kan du tidlegrøyste. Tidlegrøysting er for deg som ikkje har høve til å røyste i tida frå 12. august og fram til valdagen 9. september.  

Ordninga er meint for veljarar som oppheld seg innanriks, unntatt på Svalbard og Jan Mayen, og som ikkje kan røyste i perioden for ordinær førehandsrøysting 12. august – 06. september, eller på valdagen 9. september 2019.

Du kan tidlegrøyste i servicetorget på rådhuset. Opningstida er 09.00-15.00 på kvardagar. 

Meir informasjon om valet kan du lese her: Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019