Tilbodskonkuranse: Bø/Arhaug bustadfelt og avlaupsanlegg

Klikk for stort bilete 

Herøy kommune ved Anlegg- og driftsavdelinga gjennomfører tilbodskonkurranse på opparbeiding av Bø/Arhaug bustadfelt og avlaupsanlegg.

Nedanfor står kort om innhaldet i konkurransen. På Doffin.no finn ein komplett utlysing og tilgong til konkurransegrunnlaget.  

Bustadfeltet (vest for fylkesvegen), hovuddelar i arbeidet:

  • Køyrevegar (ca. 550 m)
  • Rekkverk, vegbommar, skilt
  • Ein mindre parti med gang-/sykkelveg
  • Planering og grusing av to leikeplassar
  • Massetransport, fyllingsarbeid, riving/sanering
  • Sprengingsarbeid
  • VA-anlegg: Etablere kummar og leidningsanlegg for vatn, spillvatn (fall- og pumpeleidning), overvatn/drenering/slukar, tilhøyrande grøftearbeid
  • Anna teknisk anlegg: Etablere el-, fiber- og veglysanlegg, tilhøyrande grøftearbeid

Avlaupsanlegget (aust og nord for fylkesvegen), hovuddelar i arbeidet:

  • Grøftearbeid, legging av leidningar og kummar for spillvatn
  • Byggegrop og grunnarbeid for prefabrikkert pumpestasjon
  • Montering av komplett prefabrikkert pumpestasjon og tilhøyrande slamavskiljar
  • Etablere ein større slamavskiljar
  • Betongarbeid
  • Arbeid i sjø: Avlaupsleidning til kt. -30 og utslippsarrangement m/ endeforankring (sjøleidning)

 

Tilbodsfrist: 15. mai 2020 kl. 12:00

Prosjektleiar er Eldar Hansen.