Tilbodskonkurransar: Infrastruktur i Nørvågen, ny bru til Vågsholmen og pumpestasjonar

Klikk for stort bilete 

Herøy kommune ved Anlegg- og driftsavdelinga gjennomfører 3 tilbodskonkurransar.

Kommunen skal utbetre infrastrukturen i Nørvågen ved å oppgradere vegen, bygge fortau, parkeringsplassar og nett for offentleg avlaup, samstundes vil eksterne etatar fornye sine anlegg i fellesgrøft.

Til dette prosjektet, samt det komande prosjektet med byggefelt Bø/Arhaug, vil vi trenge pumpestasjonar for avlaup og dei vert innkjøpt i ei felleskonkurranse. Vidare skal kommunen også bygge ny bru frå Nørvågen til Vågsholmen.

Nedanfor står kort om innhaldet i konkurransane, fyl link under kvar for meir informasjon. Der finn du komplett utlysing og tilgang til konkurransegrunnlaga.

Prosjekt 70029 – Infrastruktur Nørvåg

https://www.doffin.no/Notice/Details/2020-344567
Hovuddelar i arbeidet:

  • Veg (ca. 630 m)
  • Fortau (ca. 630 m)
  • Parkeringsplassar (to parkeringsområder)
  • VA-anlegg: vatn, spillvatn, pumpeleidning for spillvatn og overvatn/drenering
  • Anna tekniske anlegg: El, fiber, tele og gatelys
  • Avkøyrsler
  • Massetransport, fyllingsarbeid, riving/sanering
  • Muringsarbeid
  • Betongkonstruksjonar og armering
  • Kantstein, rekkverk, fundament til rekkverk
  • Plastring, og tilpassing mot bru
  • Leidningsarrangement under bru
  • Montering av komplett prefabrikkert pumpestasjon og slamavskiljar
  • Arbeid i sjø: naudoverlaup frå pumpestasjon/slamavskiljar (sjøleidning)

 

Prosjekt 51211 – bru til Vågsholmen

https://www.doffin.no/Notice/Details/2020-335249

Hovuddelar i arbeidet:

  • Etablering av ny bru, inkl. fortau m/ kantsten i plasstøypt betong
  • Sanering av eksisterande bru
  • Fundament for landkar på begge sider av ny bru
  • Murarbeid (vingemurar)
  • Gravearbeid over og under vatn
  • Fyllingsarbeid
  • Betongarbeid, forskaling og armering
  • Rekkverk

 

Innkjøp av pumpestasjonar til Nørvåg og Bø

https://www.doffin.no/Notice/Details/2020-310513

Hovuddelar i arbeidet:

  • 2 komplette avlaupspumpestasjonar inkluder overbygg
  • Leveransen inkludera også oppstart av stasjon når anlegga er kopla
  • Leveransen inkludera ikkje grunnarbeid; å setje ned sump og kople rør i grunnen vert utført av entreprenør i anna entreprise.

 

Tilbodsfrist for alle konkurransane: 11. mai 2020 kl. 12:00

Kontaktperson er Lene Huldal