Tilbodskonkurranse - fasaderehabilitering av Stokksund skule

Tilbodskonkurranse om fasaderehabilitering av Stokksund skule er no kunngjort på Doffin! No er det berre å vente i spenning på entreprenørmarkedet si tilbakemelding. 

Klikk for stort bilete

Herøy kommune som oppdragsgjevar og byggherre ynskjer å inngå avtale med éin totalentreprenør om rehabilitering av fasaden ved Stokksund skule. Stokksund skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med totalt 140 elevar på 1. - 10. trinn, samt skulefritidsordning (SFO). Skulen vart oppført i 1973 og vart tilbygd i 1999 og 2011.

Byggetrinn 1 vart bygd i 1973 og vert nytta som ungdomsskule. Byggetrinn 2 vart oppført i 1999 som barneskule medan tilbygget frå 2011 er eit pauserom i andre etasje mellom byggetrinn 1 og 2. Fasada på byggetrinn 1 (-73) skal oppgraderast og vere lik eller tilsvarande lik fasada på byggetrinn 3 (-11) og i den samanheng også etterisolerast. Vindue og ytterdører skal utskiftast. Yttertaket på byggetrinn 2 (-99) skal skiftast ut då det er lekkasje fleire stadar, spesielt i gradrenner og i tilslutning mot veggar.