Tilbodskonkurranse for ny hovudbrannstasjon og driftsbase

Tilbodskonkurranse for ny hovudbrannstasjon og driftsbase er no kunngjort på Doffin. Dermed er eit krevjande og etterlengta prosjekt kunngjort for leverandørmarknaden med håp om at vi no kan kome oss vidare med eit prosjekt som er viktig å få på plass.

Klikk for stort bileteNy hovudbrannstasjon og driftsbase AG Plan og Arkitektur AS

Eigedomsavdelinga har utarbeida eit skisseprosjekt for ny hovudbrannstasjon og driftsbase som inneber at deler av eksisterande bygningsmasse vert sanert og erstatta med eit tilbygg som huser både Herøy Brann og Redning og garderobefasiliter mm. for anlegg- og driftsavdelinga. 

Prosjektet har bakgrunn i pålegg frå Arbeidstilsynet som igjen har ført til dette prosjektet. Det har vore ein lang kamp der både lokalisering og utforming av bygget har vore krevjande å få på plass, men no håper og trur vi at prosjektet har komt seg eit steg vidare.

Prosjektet er utarbeida i samarbeid med AG Plan og Arkitektur AS.