Tilbodskonkurranse: Utbetring av Nærøykrysset

Klikk for stort bileteHerøy kommune v/ anlegg- og driftsavdelinga gjennomfører tilbodskonkurranse på utbetring av Nærøykrysset.

Utbetringsarbeidet går på å etablere kanalisert T-kryss, tilrettelagt overgang med trafikkøy og omfattar også endra linjeføring i og ved krysset for eksisterande køyrevegar, gang-/sykkelvegar og del av busslomme. I tillegg kjem riving/fjerning, drenering, veglys, skilting og oppmerking.

Tilbodsfrist: 15. august 2019 kl. 12:00

Sjå www.doffin.no for meir informasjon. Der finn ein fullstendig utlysing og tilgong til tilbodsdokumenta.