Tilbyr Naturskule på Brekkegarden

Klikk for stort bilete

 

 

I samarbeid med Brekkegarden i Gjerdsvika inviterer NAV Herøy og Vanylven til gratis Naturskole for barn i aldersgruppa 6-12 år og 13-19 år.  

Tilbodet er lagt opp om lag som ein kulturskule, berre med den skilnaden at det er aktivitetar i naturen som er i hovudfokus. Aktivitetane har fokus på moro, læring og sanselege opplevingar i naturen.

Aktivitetane skal øve opp barna si evne til å utforske og kjenne att fuglar, blomar, tre og dyr, og vi lærer å bruke naturen i området til leik, matlaging, fotografering og mykje anna. Dyrestell er ein viktig del av programmet. Gjennom dette legg vi grunnlaget for varige gode opplevingar ute i naturen, og får meir kunnskap om korleis vi kan bruke naturen på måtar som er gode  både for planter, dyr og menneske.                       

Samlingane varer i 90 min, og vi legg til rette for at foreldra kan ha ei triveleg stund med kafé og god prat i hovudhuset medan barna er i aktivitet. Det blir aktivitetar ein gong per veke i tidsrommet 8. august - 1. desember 2019.

Er dette noko for deg, ta kontakt med NAV Herøy og Vanylven.

Barn i låginntektsfamiliar med bustad i Herøy vil bli prioriterte.