– Tilpass deg vaksinasjon i sommar og snakk med borna dine

Frå venstre: Markus Skorpen, Bjørn Martin Aasen, Eline Vattøy, Åse Marie Remøy, Siv Jensen og Kari-Janne Ljones Kulø. Iselin Nevstad Øvrelid Hovudbodskapen frå alle som jobbar med vaksinasjon i sommar er klar: Tilpass deg så godt du kan for å få tatt vaksinen når det er din tur, og du som er forelder til ein ung vaksen – snakk med dei om å registrere seg for vaksinasjon no.

Gir fleksibilitet

Herøy kommune har no lagt opp til at ein kan booke seg time innanfor dei fire komande vekene når ein få melding om sjølvbestilling. Då skal det vere ei god tilpassing til deg som skal på ferie. Samstundes ønskjer vi at flest mogleg sjølvbestiller time så snart dei får tilbod, oppmodar kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

Om lag 500 dosar i veke 26

I veke 26 (neste veke) får vi om lag 500 vaksinedosar og alle går til dei som skal ha første dose.

- Det er veldig positivt, for no kjem vi godt ned på lista over personar i prioriteringsgruppe 9 (45 - 54 år), seier Markus Skorpen som er ein av dei som administrerer timar og sender ut SMS til deg som skal sjølvbestille time.

Alle dei unge må også registrere seg

Markus Skorpen oppmodar om at alle må registrere seg for å sikre at ein får SMS om sjølvbestilling når det er din tur.

- Særleg mange i dei yngre aldersgruppene ventar med å registrere seg, så vi oppmodar alle foreldre om å snakke med borna sine om å gjere dette. Utan registrering får ein ikkje tilbod om vaksinasjon, påpeikar Skorpen.

Dette kan også verte utfordrande når vi kjem nedover aldersgruppene der ungdomen har registrert telefonnummeret sitt på foreldra. 

- Det er viktig at foreldra snakkar med borna sine om viktigheita av å registrere seg, og det er ingenting å vente på. Når vi no er halvvegs i prioriteringsgruppe 9, er det dei unge sin tur i prioriteringsgruppe 10. Det betyr at dei som er 18 - 24 år skal vaksinerast saman med dei som er 40 - 44 år, påpeikar vaksinasjonskoordinator, Kari-Janne Ljones Kulø

Her kan du registrere deg for vaksinasjon på nettsida til Herøy kommune.

Usikker på kva prioriteringsgruppe du høyrer til? Les meir på FHI sine nettsider her.

Tilsette i barnehagar og skular

Regjeringa opnar for å prioritere tilsette i barnehager og skular i vaksinekøen. 

Les pressemelding her.

Herøy kommune er i dialog med blant anna Utdanningsforbundet om denne saka og er såleis i ein prosess. Meir informasjon følgjer etter kvart.