Tilsetjing av nye leiarar i oppvekst

Klikk for stort bileteTore Tangen er ny rektor ved Stokksund skule

Herøy kommune har tilsett nye leiarar ved fleire avdelingar i sektor for Oppvekst, gjeldande frå 1.august 2019. Dei erstattar nokre som vert pensjonistar og nokre som går over i andre stillingar.

Norunn Lindvik Velsvik er tilsett som rektor ved Leikanger skule. Ho kjem frå same stilling ved Bratteberg skule i Volda kommune, og har lang erfaring frå grunnskule, både som lærar og leiar.

Tore Tangen er tilsett som rektor ved Stokksund skule. Han kjem frå same stilling ved Gursken skule i Sande kommune. Han har i tillegg erfaring både som lærar og inspektør på skulen med 1.-10.årstrinn elevar, det same som på Stokksund.

Åse Bårdsnes Dybvik er fast tilsett som rektor ved Moltu skule, etter å ha vikariert nokre månader. Ho har vist seg som ein dyktig leiar for skulen, og vi er glade for at ho vil halde fram.

Elisabeth Warpe er tilsett som seksjonsleiar barnehage. Ho kjem frå stillinga som dagleg leiar ved Gnist barnehage Holstad på Hareid. Ho har lang erfaring som barnehage-leiar, og har den kompetanse som er nødvendig inn i denne viktige stillinga for kommunen og barnehagane her.

Oddhild Dybvik Aas er tilsett som styrar ved Leikanger barnehage. Ho har i fleire år vore pedagogisk leiar i same barnehage. I henne får barnehagen ein trygg og godt kompetent styrar, som betyr kontinuitet i det positive arbeidet med og rundt borna der.

Herøy kommune ønskjer dei nye leiarane velkomne på laget. Saman skal vi arbeide for at barne og unge som veks opp i Herøy, skal ha ei god sosial og fagleg læring og utvikling.