Tilsyn og feiing i kommunen

Marte Rewentlov Hansen Wenche Moltu  

Frå måndag vert det tilsyn og feiing i kommunen. Brannforebygging vil starte opp med Skarabakken, Kvalsvik, Moltu, Myrvåg og Leikong.

-Med eit nytt fagprogram i drift får vi betre føresetnader for å utøve arbeidet vårt. Besøk av feiaren vil ikkje være slik det «alltid har vært», seier feiar Marte Rewentlov Hansen.

I år vil det verte gått kartleggingsrunde i halve kommunen. Resten av kommunen vil få denne runda neste år.

Dette skjer ved besøk av feiar:

  • all informasjon om fyringsanlegg vert innregistrert
  • huseigar vil få rapport frå feiar digitalt etter besøket
  • huseigar kan til ein kvar tid kunne gå inn på «min eigedom» og ha full oversikt over kva som er registrert på bustaden.
  • merknader eller avvik vil kome fram i rapporten og i min eigedom
  • huseigar kan sende oss tilbakemeldingar direkte frå min eigedom

Huseigar vil verte varsle om tilsyn/feiing. Det vil verte utført tilsyn og registrering av all informasjon om fyringsanlegget. I tillegg vert det tatt ein kontroll av skorstein frå sotluke. Dei som treng feiing vil få dette ein oppsamlingsdag opplyser feiaren.

Du får SMS

Varslar, vil som tidlegare, sendast ut på SMS. Huseigar må svare på denne for å bekrefte besøk eller få nytt tidspunkt. Meldingane vert sendt ut frå eit eige system. For deg som mottakar viser ein avsendar med 12 siffer i nummeret.

-Vi varslar med dag for besøk. Dei som ynskjer eit tidspunkt for besøket tek kontakt direkte med oss og avtaler, seier Hansen.

Kva gjer du for å få varsel?

For at du skal få SMS er det viktig at du er registrert med rett telefonnummer. Huseigar må sjølv sjekke og endre registeret på www.norge.no.

Feiing

Feiing vil vere risikobasert, og kvart enkelt fyringsanlegg vil få ei risikovurdering med tanke på  hyppigheit for både tilsyn og feiing. Enkelte vil kunne få besøk oftare medan andre har ein lågare risiko og vil få besøk litt sjeldnare.

-Sjølv om hyppigheita vert endra vil du alltid kunne ringe ein av feiarane om det er spørsmål avsluttar Marte Rewentlov Hansen