To frikort blir til eitt

Klikk for stort bileteEigendelstak 1 og 2 vert slått saman til eit felles frikort frå 1. januar. Målet er å forenkle frikortordninga for brukarane, og å skjerme brukarane som har dei høgaste utgiftene.

Utover dette vil ikkje samanslåinga innebere praktiske endringar for deg som innbyggjar. 

I dag kan godkjende eigendelar frå behandling hos lege, fysioterapeut, psykolog, poliklinikk, labaratorium og røntgeninstitutt telle med i oppteninga til frikort. Det kan også eigendelar for legemiddel på blå resept, enkelte tannbehandlingar, enkelte rehabiliteringsopphald og enkelte behandlinsgreiser til utlandet.

Les meir om eigendelar her.

Det nye taket for frikort for helsetenester blir 2460 kroner. 

Du kan finne frikortet ditt ved logge deg inn i tenesta Frikort og eigendelar på helsenorge. Her kan du også endre kontonummeret ditt og sjå registrerte eigendelar.