Trist syn ved den fine gapahuken vår.

Klikk for stort bilete Slik ser skiltet som står ved vegen opp til den fine gapahuken vår ut etter at nokon har funne ut at det er sikkert tøft å gjere slik mot det andre har glede av.

I skogen ved Kleppefurene bygde driftige foreldre frå barnehagen på Leikong ein flott gapahuk for nokre år sidan. Denne har vore til stor glede for både borna i barnehagen, skulen og andre frå både bygda og utanifrå. Her er eit flott område som byd på mykje kjekk leik, tre å klatre i, og ikkje minst ein fin plass der ein kan ta med mat og grille på bålpanna som står der. Området har vore flittig brukt, og ein fekk då laga eit skilt der det står litt informasjon om korleis ein ynskjer området skal brukast slik at det er både kjekt og trygt  for alle å kome tilbake. Men no ser det ut til at dette kan det verte slutt på. Det var ikkje noko fint syn når skiltet, som har vore godt festa på stokk og banka godt ned i jorda, har vorte tilgrisa, reve opp og kasta nedom vegen. Både born og vaksne i barnehagen synest det er trist at nokon finn det moro å øydelegge for andre. Det er ikkje slik vi lærer vi skal vere mot kvarandre, og vi håper at vi skal sleppe oppleve at fleire triste ting skjer ved den fine gapahuken. Om det går å rense skiltet slik at vi kan få sett det opp igjen er uvist, så vi får berre håpe at folk respekterar det fine området i ettertid.