Trygge tenester og trygge tilsette

Klikk for stort bilete

Tysdag blei det organisert ei seksjonssamling på Kjeldsund der Unni Driveklepp frå NAV arbeidslivssenter hjalp dei tilsette med å jobbe med bedriftskulturen i den nye seksjonen.

Tekst: Thomas Teige Sporsheim

Psykisk helse og rus blei samla i ein seksjon frå 1.1.19. Seksjonen er no samlokaliserte på  helsesenteret på Eggesbønes i 2.etasje.


- Alle dei tilsette var med i samlinga der det blei starta ein prosess der seksjonen bevisst skal jobbe med kultur med målsetting om å nå Herøy kommune sin visjon om å vere ei båtlengd føre. Målsetninga vår er å ha trygge tenester og trygge tilsette. På den måten ynskjer vi å skape eit godt arbeidsmiljø, seier seksjonsleiar for Psykisk helse og Rus, Svanhild Rise.

 

Klikk for stort bilete