Trygt å ferdast i Herøyhallen igjen

Herøyhallen opna igjen for normal bruk frå og med i dag, tysdag 14. mars klokka 16. Vi har fått sikra tilhøva og det er trygt å ferdast i hallen igjen, opplyser eigedomsavdelinga.

Utsida av Herøyhallen - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Hallen vart stengt etter at eit gitter ramla ned frå taket fredag 10. mars.

Det er no påvist at hendinga heng saman med eit tidlegare vedlikehaldsarbeid på lysa i hallen. Under vedlikehaldet vart fire felt av gitteret i taket tatt ut.

Felta er no inspiserte på nytt og det viser seg at dei ikkje hadde vorte tilstrekkeleg festa etter vedlikehaldet. Felta er no forsvarleg sikra. Det opplyser eigedomsavdelinga.