Tur til skøyteisen på Frøystad
I dag har 1.-4.trinn tatt turen til skøyteisen på Frøystad. Sjølv om minusgradene har blitt til plussgrader var det framleis godt skøyteføre.
Takk for oss!, og takk til dei lokale kreftene som ser verdien av å bidra til at born og vaksne kan ha slike muligheiter! Etter kompetansemåla for 2. og 4.trinn har elevane fått utforske eigen kroppsleg bevegelse i skøyteleik, åleine og saman med andre. Dei har fått utforska meir av nærmiljøet og forstått og praktisert enda meir av turreglar. Det er også god lærdom å kunne kjenne på kva klede som passar etter vèr og forhold i naturen. Ein kjekk dag for både små og store!
Publisert avÅse Bårdsnes Dypvik
Sist endra18.02.2021 21.29