TV-aksjonen med fokus på å stoppe barneekteskap

Frå venstre: Ulla Hay - fylkesleiar, Tanja Sætre Leikanger og Anne-Britt Kvalsvik frå Sparebanken Møre, Britt Paulsen - koordinator, June Pettersen – rodeleiar, Merethe Hjertø Flusund –næringslivansvarleg, Olaug Andreassen – rodeleiar og kartansvarleg, Bjørn Prytz - aksjonsleiar, Linn-Therese Sævik – skule-og barnehageansvarleg, Thomas Teige Sporsheim – marknads- og profileringsansvarleg, Inge Moltumyr og Maria Sævik Espeseth ungdomskoordinatorar. Arild Sande  Årets TV-Aksjon går til PLAN sitt arbeid mot barneekteskap. Dei innsamla pengane skal gå til å arbeide med å forhindre barneekteskap i fem ulike land, tre i Afrika og to i Asia.

Årets innsamlingsaksjon skal nå ut til tre millionar menneske. Saman skal TV-aksjonen gi jenter høve til å velje si eiga framtid, få seg utdanning og bestemme sjølve kva tid dei skal gifte seg og få barn.

Bøsseberaren er tilbake

- Dette er ei særs viktig sak. Vi «brettar opp ermane» og er klare til å vere med på denne dugnaden. Herøy har ein del «spenstige» planar i år, som førebels er på planleggingsstadiet. Hald av laurdag 23. oktober i tilfelle det skjer sprell i sentrum den dagen. Sjølve aksjonen er søndag 24. oktober, og i år får vi igjen lov til å gå frå hus til hus med bøsser. Vi satsar på å få det til slik at alle husa i heile Herøy får besøk av ein bøsseberar, seier Britt Paulsen som er koordinator for TV-aksjonen og leiar ved frivilligsentralen.

Sparebanken Møre stiller opp

- Vi treng mange hjelpande hender og føter denne dagen, så har du lyst til å hjelpe til, kan du registrere deg allereie i dag på blimed.no. Sparebanken Møre stiller igjen opp som oppteljingsbank, noko vi er svært takksame for. Vi heiar mykje på alle skular og barnehagar som er med på aktivitetar for å samle inn pengar til saka. De er kjempeflinke, avsluttar Paulsen.

Blir du også med på årets tv-aksjon?