TV-aksjonen skal redde liv

Bak frå venstre: Bjørn Prytz - aksjonsleiar, Sissel Ødegård, Cecilie Zahl, Elise Mikalsen Vågsholm, Maria Sporstøl Leine. Framme frå venstre: Therese Haugen, Ulla Hay - fylkesleiar, Lovise Nikoline Voldsund, Britt Paulsen og Thomas Sporsheim. Melissa Nerland Paulsen Årets TV-aksjon skal gå til å førebygge og behandle sjukdomar som rammar menneskjer på tvers av landegrenser. 

Manglande folkehelse får store konsekvensar for både samfunn og enkeltmennesker. Med årets TV-aksjon skal vi bidra til å forebygge epidemir og behandle kjende og ukjende sjukdomar i fire land: Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone. TV-aksjonen skal gi medisinsk behandling til dei som treng det mest. Saman reddar vi liv!

Herøy kommune håper å få minst like gode resultat som i fjor då det vart ein femteplass i fylket over dei som samla inn mest. Det førte til at mange jenter vart redda frå barneekteskap i fem ulike land, tre i Afrika og to i Asia.

Halvparten får ikkje legehjelp

Fylkesleiar Ulla Hay synest det er kjekt å besøke Herøy igjen og gler seg til ny aksjon søndag 23. oktober.

- Herøy har som tradisjon å gjere eit godt resultat i denne TV-aksjonen som eigentleg har vore forankra i oss sidan 1974. Men det blir vanskelegare med åra til å få gode resultat. Halvparten av verdas befolkning får ikkje legehjelp i dag og det kan vi i alle fall prøve å gjere noko med, seier Hay.

Aksjonsleiar Bjørn Prytz oppfordrar folk om å stille opp.

- Eg håpar at folk melder seg og stiller opp, i nokre krinsar manglar vi rodeleiarar. Det manglar rodeleiarar på Remøy, Frøystad og på Leikong og Jøsok. Dersom det er noko i dei krinsane som kan tenke seg å vere rodeleiarar så kan dei melde frå til Britt Paulsen. Håpar også at folk er positive til å stille som bøsseberarar når ein får spørsmål om det, seier Prytz.   

Sparebanken Møre stiller opp

Sissel Ødegård frå Havlandet AS, blir med på aksjonen, det same gjer handelsforeninga, som arrangerer «Fosnavåg i 100» laurdag 22. oktober. Det er godt muleg at ein vil finne på noko kjekt i sentrum for å sette fokus på tv-aksjonen denne laurdagen.

- Det er tilbake til normalen no, men vi treng framleis mange hjelpande hender og føter, så har du lyst til å hjelpe til, kan du registrere deg på blimed.no. Sparebanken Møre stiller igjen opp som oppteljingsbank, noko vi er svært takksame for. Vi heiar mykje på alle skular og barnehagar som er med på aktivitetar for å samle inn pengar til saka. De er kjempeflinke, seier koordinator Britt Paulsen.