Ungdomsrådet fekk prisen under UKM i Herøy kulturhus laurdag kveld. Prisen vart delt ut av ordføraren og består av ein statuett og 15 000 kroner. Nordea bidreg med halvparten av pengane.
– Ungdomsrådet har heilt sidan 2001 utmerka seg med sitt store engasjement for barn og ungdom – og ikkje minst sitt bidrag for å gjere Herøy til ein flott plass å vekse opp, slo ordførar Bjørn Prytz fast.
Ungdomens kulturpris har blitt delt ut sidan 1997. Sjå kven som har fått prisen tidlegare år.
– Viktig for alle ungdomane i Herøy
Her er grunngivinga som ordføraren leste opp då han delte ut prisen:
«Årets prisvinnar har heilt sidan 2001 utmerka seg med sitt store engasjement for barn og ungdom – og ikkje minst sitt bidrag for å gjere Herøy til ein flott plass å vekse opp.
Prisvinnaren har engasjert seg i mange ulike saker opp gjennom åra og vore viktig for alle ungdomane i Herøy. Prisvinnaren har engasjert seg for å få til mange tilbod, til dømes Maritim sommarfestival og Pir-festivalen. Her jobba prisvinnaren på for å få på plass eit rusfritt tilbod for ungdomar under andre folkefestivalar. Pir-festivalen har utvikla seg til å bli det vi no kjenner som UNG-festival.
Prisvinnaren har også engasjert seg for å få på plass ulike aktivitetstilbod som skatepark og musikkbinge.
Dei har også delteke som frivillige på julemarknad, der dei utkledde som nissar har spreidd glede. Prisvinnaren har også engasjert seg og bidrege på verdsdagen for psykisk helse. Dei har arrangert førjulsball for psykisk utviklingshemma, noko som er eit høgdepunkt kvart år.
Dei har bidrege i integreringsarbeidet i kommunen. I tillegg har dei engasjert seg i MOT-arbeidet, UFO-tilbodet og fritidsklubben.
Prisvinnaren har dessutan vore vertskap for ungdomskonferansen på søre Sunnmøre og dei har motteke prisar lokalt og nasjonalt for sitt engasjement og arbeid.
I dag er dei engasjerte for å skape tidenes UKM-festival.
De har vel alle skjønt no at Ungdomens kulturpris for 2022 går til Herøy ungdomsråd og alle som har bidrege i dette arbeidet sidan 2001.
Dermed har eg gleda av å be det sitjande ungdomsrådet i Herøy om å kome opp å ta imot dette synlege beviset på alt det viktige arbeidet som er blitt gjort i desse 20 åra. Vi set stor pris på alt ungdomsrådet har bidrege med!»
Les meir om resultata av arbeidet til ungdomsrådet.