Utsetting av dose 2 frå veke 33 til veke 36.

Klikk for stort bilete  

236 personar som er tildelt time til dose 2 i veke 33(16. - 22.08.21) må dessverre få utsett sin time i tre veker til veke 36 (06. - 12.09.21).

Årsaka til dette er at vi ikkje får tilsendt dose 2 til disse personane før 12 veker etter dose 1, mot 9 veker som var regelen på det tidspunkt timane var sett opp. 

Vi beklagar dei ulempene dette kan medføre for dei det gjeld, seier kommuneoverlegen i ei kommentar.

Alle det gjeld har fått tilsendt eigen melding på SMS med tidspunkt for ny time. Vi er klar over at for nokre personar kan dette medføre vanskar, som t.d. reiser i samband med arbeid offshore eller på fiskeri, arbeidsoppdrag, eller andre lenger reiser som ikkje kan endrast.

Kjem du i ein slik situasjon så ta kontakt med oss på telefon 469 15 360, så skal vi så langt vi har tilgjengelege vaksiner sjå om vi kan tilpasse den nye timen for deg.