Varsel om oppstart av anleggsarbeid med støyande arbeid

Illustrasjon av kaier Mjølstadneset. Herøy kommune skal bygge to kaier på Mjølstadneset industriområde.

Første tida vert det utført peling i sjø som medfører støyande arbeid og dette er planlagt utført i veke 47 (2021) til og med veke 4 (2022). Det vert stopp i arbeidet i juleveka.

Kai 1 (mellom austre og midtre kai) er planlagt ferdigstilt juni 2022 og kai 2 (mellom midtre og vestre kai) er planlagt ferdigstilt oktober 2022.

I anleggsperioden vil det verte endra køyremønster i området. Dette vert skilta.

Det er høve til å nytte kaiene i anleggsperioden, men ein må ta omsyn til pelerigg som stikk utom eksisterande kailinje medan pelearbeidet pågår. Det vert satt opp skilt på kai som syner moglegheit for fortøying. Det vert også plassert kran og lagring av utstyr for anleggsarbeidet på kaiene. Omfang vil variere gjennom anleggsperioden.

- Vi oppmodar sjøfarande om å manøvrere aktsamt med omsyn til arbeidarane, seier Lene Huldal som er prosjektleiar ved avdeling for anlegg og drift.