Varsel om reguleringsarbeid for Myklebustvatnet natursti

I samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 12-3 og §12-8 gjer vi med dette det kjent at det vert starta opp arbeid med detaljregulering for Myklebustvatnet natursti.

Klikk for stort bilete 

Herøy kommune ynskjer å legge til rette for auka aktivitet i befolkning og vurderer derfor moglegheitene for å etablere ein natursti rundt Myklebustvatnet. Kommunen trur dette kan vere eit positivt tiltak for å betre folkehelsa på lang sikt blant innbyggarane. I dag ligg vatnet avskjerma bak busettinga og innbyggarar flest har ikkje eit forhold til naturreservatet.

Klikk for stort bilete  

I planarbeidet må det avklarast grunneigarforholda der ein potensielt kan kome inn på bustadtomtene til bebuarane. Herøy kommune og Herøy Rotaryklubb(prosjektansvarleg) er opptekne av at naboane til ein eventuell tursti skal takast med på råd for å avklare kva som er moglegheitene for trase og evt. fysisk skjerming mellom tursti og busettinga.

Prosjektstyret gjorde følgjande vedtak 18.06.2020:
Prosjektstyret la i sine drøftingar vekt på å sikre ein ryddig og oversiktleg prosess der den einskilde grunneiar sine rettar og samfunnet sine interesser vert ivareteke i samsvar med plan- og bygningslova. Med så mange berørte grunneigarar kombinert med sterke reguleringar av naturreservatet, finn styret det rett å gjennomføre ein ordinær reguleringsplanprosess. Dette sikrar formell og balansert ivaretaking av alle berørte sine interesser.

Vedlegg i saka finn du her: 

Plangrense Myklebustvatnet natursti (PDF, 5 MB)

08.07.20 Søknad reguleringsplanarbeid Myklebustvatnet natursti (PDF, 568 kB)

Varsling oppstart planarbeid Myklebustvatnet natursti (PDF, 956 kB)

Sjekkliste ROS 02.07.2020 (PDF, 744 kB)

Varsling planoppstart - Detaljregulering for Myklebustvatnet natursti (PDF, 524 kB)

Oppstart reguleringsplanarbeid - Detaljregulering Myklebustvatnet natursti (PDF, 760 kB)

 

Innspel til saka skal sendast skriftleg til: 

Herøy kommune, utviklingsavdelinga, Pb 274, 6099 Fosnavåg eller pr. e-post til: postmottak@heroy.kommune.no  
Merk innspelet med: saksnr. 19/14767 


Meir informasjon om saka kan ein få ved å kontakte:  

Ole Magne Rotevatn, telefon nr. 909 74 128 
ole.magne.rotevatn@heroy.kommune.no