Varsel om reguleringsarbeid

Klikk for stort biletePlanområdet med reguleringsplan.I samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 12-3 og §12-8 gjer vi med dette det kjent at det vert starta opp arbeid med detaljregulering for eit avgrensa område på Mjølstadneset i Herøy kommune.

Området er i dag i hovudsak avsett til industri, spesialområde fiskebruk, hamneområde i sjø, veg og kommunalteknisk (slamavskiljar og pumpestasjon). 

Herøy kommune ynskjer å legge til rette for meir fiskeriretta aktivitet på Mjølstadneset og har fått tilbakemeldingar på at det er behov for meir kaiareal mot vest frå dagens kai.  
I planarbeidet må det avklarast grunnforholda gjennom ein geoteknisk undersøking og dokumentasjonen frå undersøkinga må stette krava til prosjektering av kaier i etterkant. 

Hovudmålet med reguleringa er å legge til rette for nytt næringsareal i grensa mellom industriarealet og spesialområde for fiskebruk med tilhøyrande kaifront. Det skal regulerast for at området kan fyllast igjen med tilhøyrande masseberekning. Planen skal likevel opne for at det kan byggast kai på pælar og areal for bygningane kan også etablerast med etablering av kai som er pæla på grunnen.  

Klikk for stort biletePlangrense. 

Vedlegg i saka finn du her:

Innspel til saka skal sendast skriftleg til: 

Herøy kommune, utviklingsavdelinga, Pb 274, 6099 Fosnavåg eller pr. e-post til: postmottak@heroy.kommune.no  
Merk innspelet med: saksnr. 20/2492 


Meir informasjon om saka kan ein få ved å kontakte:  

Ole Magne Rotevatn, telefon nr. 909 74 128 
ole.magne.rotevatn@heroy.kommune.no