Veit du kva FRAM Flexx er?

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto buss. Pexels.com Manglar du bil? Treng du transport til Fosnavåg eller skal reise vidare med anna buss frå Myrvåg? Då kan FRAM Flexx vere eit alternativ for deg.

Kven er FRAM Flexx for?

FRAM Flex er ikkje berre for ungdomar som skal heim ein kveld i helga eller eldre som ikkje har høve til å køyre bil. Det er for absolutt alle i Herøy kommune.

FRAM Flexx er bestillingstrafikk og inngår som ein del av det ordinære kollektivtilbodet i Møre og Romsdal, men er ikkje som ein vanleg busstur. Du kan nemleg bli henta heime og køyrd til ein haldeplass for rutegåande transport som buss, ferje og hurtigbåt for vidare transport, eller henta og køyrd til sentrum i kommunen. For dette betaler du berre kr 50,- uansett lengde på turen. 

Skal du halde fram med reisa, løyser du ordinær billett på bussen, ferja eller hurtigbåten som du skal ta vidare. På servicetransport kveld er prisen ordinær busstakst. Barn til og med 16 år reiser gratis i følge med vaksen, med inntil to barn per vaksen. Barn under 4 år reiser alltid gratis. Du kan betale med kort eller kontant.

 

Kvar bestiller eg transport?

Her får du god oversikt over dei ulike bestillingstransporttilboda, og du kan også bestille reise

Nyheiter og endringar i tilbodet vil også bli publisert der. Ønsker du å ringe FRAM Kundesenter for meir informasjon eller for å bestille, er telefonnummeret 712 80 100.

Dei ulike rutetilboda går på faste tidspunkt, men berre dersom det kjem ei bestilling. 

For å bestille FRAM Flexx-tur på internett, kan du opne lenkene ved å trykke på rutene under.

 

Kva slags tilbod kan ein få ved å nytte Fram Flexx?

TILBRINGARTRANSPORT: Transport der kunden kan bli frakta til/frå heimen og til/frå haldeplass for FRAM sin rutegåande kollektivtransport - buss, ferje eller hurtigbåt.

SERVICETRANSPORT: Transport til/frå heimen og til/frå kommunesentrum, eller anna handels-/servicesenter i kommunen. Dette tilbodet er særleg egna for TT-brukarar, men alle kan nytte seg av tilbodet.

FLEXX NATT: Transport heim frå offentleg arrangement på kveld- og nattetid i helgene. FLEXX Natt er i staden for Trygt heim for ein 50-lapp, og er særleg tiltenkt ungdom opp til fylte 25 år. Hugs at du må bestille tenesta ei bestemt tid i førevegen, sjå nærare oppgitte fristar for bestilling under kvar linje. Fordi FRAM Flexx også skal hente andre, kan du bli henta 5 minutt før eller opptil 15 minutt etter avtalt tid.

 

Kva ruter finn eg i Herøy?

 

FRAM Flexx Tilbringartransport

331T Runde-Remøy-Fosnavåg

332T Kvalsvik-Kvalsund-Fosnavåg

332T Fosnavåg-Kvalsund-Kvalsvik

333T Sande-Frøystad-Fosnavåg

333T Fosnavåg-Frøystad-Sande

FRAM Flexx Servicetransport

336S Flusund-Berge-Hjelmeset-Eggebønes

336S Fosnavåg-Eggsbønes-Hjelmeset-Berge-Flusund

FRAM Flexx Natt

Fosnavåg sentrum-Kvalsund-Kvalsvika

Fosnavåg sentrum-Berge-Leine-Remøy-Runde

Fosnavåg sentrum-Moltu-Tjørvåg-Myrvågkrysset

 

Kva går FRAM Flexx ut på?

• Køyrer berre når nokon har bestilt, og bestillingane blir samordna for å utnytte ressursane best mogleg. Slik kan FRAM tilby eit godt kollektivtilbod i distrikta.

• Stoppar berre der reisande skal hentast eller bringast, derfor kan køyretida variere frå tur til tur. Transporten blir utført med taxi, maxi-taxi eller minibuss. Avhengig av talet på reisande.

• Er for alle, og du kan få hjelp av sjåføren til av- og påstiging om du treng det.

• Du kan bli henta og brakt heim. Dette gjeld ikkje på ruter som blir køyrd med skulebuss eller ordinær rutebuss. Om du er usikker, sjekk på nettsida frammr.no/flexx eller ta kontakt med FRAM Kundesenter på tlf. 712 80 100.

• Transporten til/frå heim føreset at den reisande bur maks. 2 km frå oppsett køyretrasé.

• Må bestillast ei bestemt tid før avreise, sjå angitt frist for bestilling under kvar rute.

• Blir ikkje køyrd heilagdagar. 

Sjå eiga brosjyre her for meir informasjon.