Velkomen til offisiell opning av by- og bubilparken

Maria Sporstøl Leine i Fosnavåg handelsforeining, ordførar Bjørn Prytz og leiar for anlegg og drift, Fred Arnesen, ønskjer velkomen til opning av by- og bubilparken laurdag kl. 12.00. Iselin Nevstad Øvrelid Saman med Fosnavåg handelsforeining ønskjer Herøy kommune velkomen til offisiell opning av by- og bubilparken i Fosnavåg. Det skjer laurdag 19.09.20, kl. 12.00.

- Alle som er friske er velkomne til å ta del i opninga. Hugs avstand og vanlege smittevernreglar, seier ordførar Bjørn Prytz, som skal opne den flotte by- og bubilparken.

Det vert kjekt program med smitteverngodkjende tiltak.

- Kos deg i Fosnavåg

Det vert også spanande program for ungane når Herøy brann og redning stiller med brannbilen og vaktbilen, og vil med det markere den nasjonale brannveka som går føre seg no. Politiet kjem også med politibilen. 

Dessutan vert det underhaldning med song og musikk frå elevar ved Herøy kulturskule.

I tillegg kjem det utstillarar til Fosnavåg denne helga med både bubilar og vogner, og det passar godt med helgas markering å ha ei eiga bubilmesse. Du finn dei på Almenningen, men nokre forflyttar seg nok opp i bubilparken til laurdagen.

- Vi gler oss til markeringa og håpar du tek turen til Fosnavåg på laurdag. Stikk gjerne innom parken, men bruk også Fosnavåg til å kose deg, spise god mat og ta ein kik innom butikkane, oppfordrar Maria Sporstøl Leine i Fosnavåg handelsforeining.

- Vi håpar dette vert ei kjekk markering av vår flotte nye by- og bubilpark, legg ordførar Bjørn Prytz til som understrekar muntert at det har kome politiske lovnader om fint ver på laurdag. Noko Yr.no førebels kan stadfeste.

Nøgde med det flotte området

Maria Sporstøl Leine i Fosnavåg handelsforening seier dei er svært nøgde med by- og bubilparken, og håpar no mange nyttar seg av den.

- Vi har sett at den har vore godt brukt i sommar allereie, og har vore eit fint og viktig tilbod for sentrumsnær bubilparkering, legg ho til.

Asfaltdekket kom i byrjinga på juli i år.

Historikken bak parken

Historikken for området går fleire år tilbake i tid. Då vart det planert og grusa sidan området vart brukt som sceneområde til diverse arrangement. Seinare vart eit større område planert ut, og då vart området nytta til bubilparkering sidan det var eit behov for det i sentrum.

Deretter skjedde dei ei vidareutvikling i parken med blant anna klatreparken i 2018, og i 2019 kom toalettløysinga på plass.

Deretter kom vedtaket om å ferdigstille parken. Arbeidet med gapahuken som vert bygd av byggfag-elevar ved Herøy vidaregåande skule pågår i skrivande stund.

Det er også planlagt ei bocciabane i parken.

I bubilparken kan du nytte både toalett, dusj, kople deg på straum og ha tilgang til vatn.

- Det er litt mindre arbeid som gjenstår på bubilparkeringa. Vi skal etter kvart få på plass eit betalingssystem og ny straumsøyle. Plassane skal bli oppmerka, seier Fred Arnesen som er avdelingsleiar for anlegg og drift i Herøy kommune.

Han seier Herøy kommune har fått god hjelp med opparbeidinga av området med Fosnavågaren velforening.

- Kommunen set stor pris på den dugnadsånda som har vore vist i prosjektet. Kommunen er avhengige av eit godt samarbeid med frivillige aktørar slik at ein kan drive fram gode prosjekt saman, avsluttar Fred Arnesen.