Venneveka- Einedalen skule

Denne veka har Einedalen skule hatt vennskapsveke. Heile skuleveka har vore full av kjekke, samlande aktivitetar, og elevane har blitt kjende med kvarandre på tvers av klassetrinna. Vi har laga vennskapsarmband, spelt vennespel, leika ringleikar, sunge i lag, dansa, laga oss julegenserar og mykje anna.

BlimE-dansen Jan Helge Langberg  I dag, på sjølvaste BlimE-dagen, har vi hatt «bad-hair» dag, så skulen har vore full av latter, bustehovud, hårrullar og hanekammar. Alle tok med seg frisyrene sine opp i hallen til ei felles samling. Før vi dansa årets BlimE-dans, heldt leiar og nestleiar i elevrådet Leo Bakke Erlandsen og Live Johanna Sævik denne flotte talen til oss:

Skulen har også laga ein kjempeflott video av "blimedansen:

 

Elevrådet:

 Hei, vi kjem fra elevrådet,vi skal seie eit par ting om venneveka.

Vi håper alle har hatt ei fin veke, og hatt det kjempekjekt med alle venneaktivitetane.

Vi har denne veka fordi vi synest det er viktig å hugse på at alle treng en venn og å bli inkludert.

Vi veit at det kan vere vanskeleg å vere venn med alle, men det går an å ha forskjellige typar venner, for eksempel klassevenner, skulevenner, nabovenner, aktivitetsvenner, og så kan vi ha vanlege venner og bestevenner. Det er fordi du er på samme plass til samme tid, og det treng ikkje å bety at du er bestevenner med alle berre fordi du går i klasse med dei eller går på trening med dei.

Det kan vere at de går til skulen ilag eller at de er naboar. Det er ofte sånn at du har lyst til å dele alt til bestevennen din men ikkje alt til klassevennen din, eller at du snakkar om noko dumt som har skjedd til vennene dine men ikkje til nabovennen. 

Det å vere skulevenner eller klassevenner betyr ikkje at de må vere ilag heile tida, men at de er snille og hyggelege mot kvarandre på skulen og i fritida.

Vi i elevrådet har ei utfordring til dykk. Vi utfordrar dykk til å seie hei og vere hyggeleg med alle du møter i gangane og rundt om på skulen. Vi utfordrar både elevar og lærerar til å gjere det.

En venn er nokon du kan stole på og som forstår deg. Eit vennskap skal tåle motgong utan å bli slitt, og det vi meina med det er at du skal kunne ha for eksempel ein krangel med ein venn utan å bli uvenner. Du skal også kunne ha andre venner utan at den eine vennen ikkje skal vere vennen din lenger. 

Vi trur ikkje det skjer på denne fantastiske skulen vår, men vi vil berre seie at nokon teke vennskap som eit spel. At nokon er verdt meir enn andre, og viss du får fleire venner so rykker du opp i level, og då vil dei fleste vere venn med dei som har flest poeng. Dei som då har lite poeng får ikkje då venner.

Vi håper at de lærte noko av det vi sa og at de vil prøve utfordringa, og de må ha ein fantastisk dag vidare. Takk for oss!

Alle vi på Einedalen skule vil hermed sende utfordringa frå elevrådet vårt vidare til alle i kommunen:

Smil og sei hei til alle du møter!