Ver førebudd – lag framtidsfullmakt!

Klikk for stort bileteStatsforvaltaren oppmodar alle som er myndige til å opprette ei framtidsfullmakt. Pixabay.com. Har du tenkt over at du, plutseleg ein dag, grunna sjukdom eller ulykke, kan trenge at nokon tek hand om både økonomien din og om andre interesser?

Ein framtidsfullmakt er ei skriftleg fullmakt som du kan lage heime. Ho trer i kraft om du ein dag skulle trenge nokon som kan ta vare på dine interesser.

Alle myndige bør ha framtidsfullmakt!

På same måte som mange lagar eit testamente, bør du kjenne til denne ordninga om framtidsfullmakt. Statsforvaltaren oppmodar alle som er myndige til å opprette ei framtidsfullmakt. Fordi ingen av oss veit kva alder vi er i når noko kan inntreffe.

Informer den du gir fullmakt!

Framtidsfullmakt lagar du sjølv, utan innblanding frå det offentlege. Her skriv du ned kven som skal ivareta deg i framtida om du ikkje kan ivareta eigne interesser. Denne personen vil då gå inn i rolla som fullmektig for deg.

Dokumentet skal ikkje sendast Statsforvaltaren, men du skal ha det på ein trygg plass kor du har andre viktige dokument. Det er viktig at den du skriv opp som fullmektig er informert og veit kor dokumentet er.

Tips til framtidsfullmakt

Statsforvaltaren har laga eit eksempel og eit infoskriv på nettsida vår. Det er laga slik at den svarte teksta du ser i eksempelet må være med, og den røde teksta kan vere med. Du kan tilpasse framtidsfullmakta akkurat slik du sjølv vil ha ho. Ingenting er for lite eller for stort til å ha med.

Les meir om framtidsfullmakt her.