Verdsdagen for psykisk helse

Psykisk helse har vore tema på Moltu skule heile denne veka. Å snakke om kjensler, og alle typar kjensler er viktig for å verne om vår psykiske helse.  

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Vi synes det er viktig å markere verdsdagen for psykisk helse. Psykisk helse er noko som vi i skulen har fokus på heile året, men å ha ein dag der det blir gitt eit ekstra fokus på dette både i skulen og elles i samfunnet er viktig, og kanskje avgjerande for mange å ha eit godt liv. Vi har alle ei psykisk helse å verne om, som vi sjølv må prioritere å bruke tid på, men å vere gode og rause med kvarandre er også ein viktig faktor. Å vere god med kvarandre gjer oss tryggare, og det kan vere lettare å bere dei vanskelege tankane om ein får dele dei med nokon.