Vi bygger - Bergsøy skule Blåhaugen

Byggegjerdet er på plass ved Bergsøy skule Blåhaugen. Det betyr også at elevar, føresette, tilsette og andre besøkande til skulen må ta litt ekstra omsyn til byggearbeidet og til kvarandre! Busslomme B er no avstengt. I tillegg er uteområdet mot Lisjebøvegen avsperra, men likevel slik at elevar og andre kan kome seg inn på skuleområdet via gangtrasè ved kunstgrasbana. 

Klikk for stort bilete

Bildegalleri

Bildegalleriet nedanfor vert oppdatert når nyhende vert publisert på informasjonssida. 

 

Sikkerheit, helse og arbeidsmiljø

I byggefasen har både byggherre og totalentreprenør fokus på sikkerheit, helse og arbeidsmiljø. Nedanfor vil du etterkvart finne meir informasjon om korleis prosjektet påverkar skulekvardagen og korleis vi jobbar for å ivareta sikkerheit, helse og arbeidsmiljø. 

Byggeplassen

Byggeplassen vert fysisk avsteng med byggegjerde. Innanfor byggegjerdet har ingen lov til å bevege seg utan særskilt avtale med byggherrens prosjektleiar eller totalentreprenørens prosjektleiar. 

Konsekvensar for brukarane av bygget

Byggearbeidet påførar brukarane av Bergsøy skule Blåhaugen ulemper i form av støy, støv, endra trafikkmønster og delvis avstengt uteområde. Vi ber om orsaking for dette men håpar samstundes at du tek omsyn til byggearbeidet. Riggplanen nedanfor syner byggeplassens yttergrenser og korleis trafikksituasjonen vert regulert så lenge byggearbeidet pågår.

Klikk for stort bilete1. Busslomme A er open i heile byggeperioda. Busslomme B skal nyttast som riggområde for totalentreprenøren og vert difor avstengt i heile byggefasen. Vi ber elevar, foreldre og føresette om å ta omsyn til dette då stenging av busslomme B også fører til at fortau mellom Lisjebøvegen og skulebygget vert avstengt.
 
2. Byggeområdet mot Lisjebøvegen vert delt i to for å sikre eksisterande rømingveg ut frå skulebygget i byggefasen. Området vert i det daglege også brukt som oppholdsplass for elevar. I byggefasa vert dette ikkje akseptert ; området er såleis utelukkande ope for å sikre forsvarleg rømingsveg frå bygget.

3. Inngjerdinga for tilbygget mot aust vert sett slik at personar som kommer frå Grusholevegen kan passere mellom byggegjerdet og fotballbana vidare til inngangane til skulen på sør og vestsida.

Prosjektdokumentasjon

Nedanfor finn du meir detaljert informasjon om skisseprosjektet som er utarbeida:

Bergsøy skule Blåhaugen - tilbygg
Tittel Publisert Type
Riggplan 12

12.06.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Riggplan 12.06.2019 - Utgave nr 2..pdf
Skisseprosjekt - Slyngstad Aamlid Arkitekter AS

19.03.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Skisseprosjekt - Slyngstad Aamlid Arkitekter AS.pdf


Milepælsplan

Milepælsplanen for prosjektet er slik pr dags dato:

Milepæle Beskrivelse Dato Frist Status
Kontraktssignering Totalentreprise 18.03.2019   Utført
Byggestart   29.04.2019   Under planlegging
Overlevering til drift     04.10.2019  


Totalentreprise

Prosjektet er eit kontraktsfesta samarbeid mellom Herøy kommune og Kvadratbygg AS som totalentreprenør.

Rolle Firma Avdeling Kontaktperson
Byggherre Herøy kommune Eigedomsavdelinga Prosjektleiar Roy Oldeide
Totalentreprenør Kvadratbygg AS   Dagleg leiar Magnar Moltumyr


Prosjekterande

Fylgjande aktørar deltek i prosjekteringsarbeidet:

Rolle Firma
ARK - Arkitekt Slyngstad Aamlid Arkitekter AS
LARK - Landskapsarkitekt -
RIB - Rådgivande ingeniør Bygg -
RIAk - Rådgivande ingeniør Akustikk -
RIBr - Rådgivande ingeniør Brann -
RIV - Rådgivande ingeniør VVS -
RIE - Rådgivande ingeniør Elektro -
RIG - Rådgivande ingeniør Geoteknikk -
RIEn - Rådgivande ingeniør Energi -
RIM - Rådgivande ingeniør Miljø -

 

Underentreprenørar

Fylgjande underentreprenørar deltek i prosjektet:

Rolle Firma
Grunnarbeid B. Tarberg AS
Bygning Elementpartner AS
  Låssenteret Ulsteinvik AS
  Lenco AS
VVS Egset Ventilasjon AS
Elektro Kvalsvik Elektro AS
Tele og automatikk  
Andre installasjonar  
Utandørs  


Lista er ikkje komplett pt. 

Nyhendearkiv

Her vil du finne tidlegare publiserte nyhende vedrørande prosjektet. 

07.06.2019 - Oppstartsmøte
Endeleg nærmar det seg oppstart for byggearbeida ved Bergsøy skule Blåhaugen! I dag var det oppstartsmøte med byggherre og entreprenør for prosjektet og no er det klart at byggegjerda kjem opp tirsdag 12.06.2019. Prosjektet er forsinka men samstundes innebær forsinkelsen at hovudtynga av det arbeid som belastar omgivnadane og då særleg elevane ved skulen, vert gjennomført i ferieperioda. 

18.03.2019 - Kontraktssignering
Mandag 18. mars 2019 signerte Herøy kommune kontrakt med Kvadratbygg AS om bygging av to tilbygg til Bergsøy skule Blåhaugen. Dermed er det formelle utgangspunktet på plass for eit prosjekt som har vore etterlyst i lengre tid.