Vi bygger fleirbrukshall

Full fart framover! Montering av betongelement er no i full gang. Fyrste elementa kom i dag og no blir det mykje tungtrafikk til og frå Einedalen skule. Vi ber difor alle om å ta omsyn ; overhald trafikkreguleringa i området slik at trafikkavvikling og elemnetmontering kan gjennomførast effektivt og smertefritt. 

Klikk for stort bilete

Nedanfor finn du oppdatert informasjon om prosjektet, særleg bildegalleri, prosjektdokumentasjon, milepælsplan og grunnleggande informasjon om sikkerheit, helse og arbeidsmiljø i byggefasa. Har du innspel til forbetring av informasjonssida, ber vi om at du tek kontakt med eigedomsleiar. 

Bildegalleri

Bildegalleriet nedanfor vert oppdatert når nyhende vert publisert på informasjonssida. 


Sikkerheit, helse og arbeidsmiljø

I byggefasen har både byggherre og totalentreprenør fokus på sikkerheit, helse og arbeidsmiljø. Nedanfor vil du etterkvart finne meir informasjon om korleis prosjektet påverkar skulekvardagen og korleis vi jobbar for å ivareta sikkerheit, helse og arbeidsmiljø.  

Byggeplassen

Byggeplassen vert fysisk avstengt med byggegjerde. Innanfor byggegjerdet har ingen lov til å bevege seg utan særskilt avtale med byggherrens prosjektleiar eller totalentreprenørens prosjektleiar.

Konsekvensar for bruken av Einedalen skule

Byggearbeidet påfører brukarane av Einedalen skule ulemper i form av støy, endra trafikkmønster og delvis avstengt uteområde. Vi ber om orsaking for dette men håpar samstundes at du tek omsyn til byggearbeidet. Riggplanen nedanfor syner byggeplassens yttergrenser og korleis trafikksituasjonen vert regulert så lenge byggearbeidet pågår.

Klikk for stort bilete1. Atkomst til og frå byggeplass går via eksisterande avkjørsle til Einedalen skule fram til byggeområdet ved SFO. Parkeringsområdet ved SFO skal difor i byggefasa utelukkande nyttast til korttidsparkering i samband med levering og henting av elevar.

2. Parkeringsområdet ved SFO er stengt for publikum i tidsrommet frå kl. 08:50 til kl. 13:10 og frå kl. 14:00 og ut arbeidsdagen. Levering og henting av elevar ved SFO må difor gjennomførast før kl. 08:50 og i tidsrommet mellom kl. 13:10 og kl. 14:00. Utanom desse tidene må ein nytte parkeringsplassen ved ballbingen ved henting og levering av born til skule/SFO. Vi tilrår at de difor sett av 10 min. ekstra.

3. Tilsette ved Einedalen skule bes i byggefasa om å parkere på parkeringsplassen ved personalinngangen.

Prosjektdokumentasjon

Nedanfor finn du litt meir dokumentasjon for prosjektet:

Prosjekt 51408 - Einedalen skule - fleirbrukshall
Tittel Publisert Type
Prosjekt 51408 - Einedalen skule - fleirbrukshall - fasadeteikningar

01.04.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Prosjekt 51408 - Einedalen skule - fleirbrukshall - fasadeteikningar.pdf
Prosjekt 51408 - Einedalen skule - fleirbrukshall - planteikningar

21.03.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Prosjekt 51408 - Einedalen skule - fleirbrukshall - planteikningar.pdf
Prosjekt 51408 - Einedalen skule - fleirbrukshall - situasjonsplan

21.03.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Prosjekt 51408 - Einedalen skule - fleirbrukshall - situasjonsplan.pdf
Prosjekt 51408 - Einedalen skule - fleirbrukshall - snitt

21.03.2019 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Prosjekt 51408 - Einedalen skule - fleirbrukshall - snitt.pdf


Milepælsplan

Milepælsplanen for prosjektet er slik pr dags dato:

Milepæle Fra dato Til dato. Status
Kontraktssignering 11.03.2019 11.03.2019 Utført
Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning 11.03.2019 10.04.2019 Utført
Byggeløyve     Pågår
Byggestart     Under planlegging
Overlevering til drift      


Totalentreprise

Prosjektet er eit kontraktsfesta samarbeid mellom Herøy kommune og Prosjektbygg AS som totalentreprenør.

Rolle Firma Avdeling Kontaktperson
Byggherre Herøy kommune Eigedomsavdelinga Prosjektleiar Saphon Suktamuk
Totalentreprenør Prosjektbygg AS   Prosjektleiar Tonny Pettersen

 

Prosjekterande

Fylgjande aktørar deltek i prosjekteringsarbeidet:

Rolle Firma
ARK - Arkitekt Bucci Arkitektur og Design AS
LARK - Landskapsarkitekt Bucci Arkitektur og Design AS
RIB - Rådgivande ingeniør Bygg Prosjektbygg AS
RIAk - Rådgivande ingeniør Akustikk -
RIBr - Rådgivande ingeniør Brann TrygCon AS
RIV - Rådgivande ingeniør VVS Norconsult AS
RIE - Rådgivande ingeniør Elektro Norconsult AS
RIG - Rådgivande ingeniør Geoteknikk -
RIEn - Rådgivande ingeniør Energi -
RIM - Rådgivande ingeniør Miljø -

 

Underentreprenørar

Fylgjande underentreprenørar deltek i prosjektet:

Fag Firma
Bygning B & E Partner AS
  Elementpartner AS
  Låssenteret AS Ulsteinvik
  UniSport AS
VVS Fosnavåg Rør AS
  Egset Ventilasjon AS
Elektro Elek 24 AS
Tele og automatikk  
Andre installasjonar  
Utandørs Nordvest Anlegg


Lista er ikkje komplett pt. 

Nyhendearkiv

Her vil du finne tidlegare publiserte nyhende vedrørande prosjektet. 

07.06.2019: God helg
Byggearbeidet ved Einedalen skule skrid fram, i strålande vær for dei fleste! Fundamenteringsarbeidet er i full gang og vi nærmar oss neste fase: montering av dei fyrste elementa for fleirbrukshallen. Med desse bileta frå dagens synfaring ynskjer vi alle ei god helg i sola. 

03.06.2019: Oppstart fundamentering
Grunnarbeidet for fleirbrukshallen ved Einedalen skule nærmar seg slutten. Byggherre er nøgd med
arbeidet til no og då særleg at trafikkavvikling ikkje har medført særlege problem. Både entreprenør, elevar, føresette og tilsette kan ta til seg litt skryt for dette. No startar arbeidet med fundamentering!

29.04.2019: Fyrste spadetak
I strålande vårvær kunne vi i dag endeleg sette grabben i jorda for fleirbrukshallprosjektet ved Einedalen skule! No er vi i gang :) Med elevane og elevrådet ved Einedalen skule som vitne tok ordføraren det fyrste spadetaket for eit etterlengta prosjekt. 

27.04.2019: Igangsettingsløyve og trafikkregulering
Igangsettingsløyve er på plass og dermed er også gravemaskina det! Byggearbeidet vert markert fyrstkomande mandag 29.04.2019 kl. 10:00 med symbolsk ordførar-grabb. Frå samme dag er det avgjerdande viktig at publikum respekterer den trafikkregulering byggherre og entreprenør er samde om. Levering eller henting av born ved SFO-inngangen må såleis skje før kl. 08:50 eller i tidsrommet frå kl. 13:10 til kl. 14:00. Utanom desse tidslukene må born leverast og hentast ved rundkjøringa ved ballbingen. Frå mandag av må også dei tilsette ved skulen parkere ved personalinngangen. 

23.04.2019: Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning og byggegjerde på plass
Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning for prosjektet er no på plass. Dermed fekk entreprenør nytta påskedagane til å sette opp byggegjerde. Det er byggherre veldig nøgd med, sidan arbeidet kunne gjerast medan elevar og andre hadde fri frå skule. 

31.03.2019: Riggplan
Byggherre og entreprenør har no ferdigstilt riggplan for byggeområdet ved Einedalen skule. Riggplanen inneber endra trafikkmønster og vi ber alle som jobbar eller har elevar ved skulen om å respektere dei bestemmelsar som gjeld for dette. Du finn meir informasjon under Sikkerheit, helse og arbeidsmiljø på informasjonssida for prosjektet. 

11.03.2019: Byggekontrakt signert
Mandag 11.03.2019 vart byggekontrakta signert av ordførar Arnulf Goksøyr og Prosjektbygg AS v/ Sindre Torseth. Ei enkel markering på byggeplassen ved Einedalen skule, i strålande vær saman med elevrådet, markerte starten på eit etterlengta prosjekt for mange.