- Vi skal sikre helsehjelp til dei som treng det

Klikk for stort bileteFastlegen er framleis innbyggjerane sitt første kontaktpunkt ved behov for legetenester.

Likevel kan fastlegane kome til å oppleve eit stort press i tida framover, og i ein slik situasjon vil pasientar med behov for akutt og livsnødvendig helsehjelp bli prioriterte.

- Vi ser at den noverande pandemisituasjon kan bli langvarig, og då skal også kontinuerleg helsehjelp vere tilgjengeleg for dei som har behov for dette. I noverande situasjon er det også viktig at kronisk sjuke pasientar og risikogrupper ikkje blir nedprioriterte og vidare får behov for innskriving på sjukehus. Det er dermed viktig at pasientar ikkje let vere å ta kontakt ved symptom for legevurdering. Vi veit at diffuse symptom kan vere alvorleg sjukdom, og at ein må ha låg terskel for kontakt. Vi kjenner pasientane og deira sjukdomshistorie, seier kommuneoverlege Kristian Gottliebsen.

For pasientbehandling ved pandemiar er rådet at for å hindre smitte bør pasientar i minst mogleg grad fysisk møte opp hos helsetenestene. Alle relevante førespurnader vil dermed bli vurderte indivuduelt av helsepersonell og/eller lege.

- Vi vil då først ta kontakt via telefon /videokonsultasjon. I den grad det er mogleg vil vi forsøke å løyse oppgåva via telefonkonsultasjon/ videokonsultasjon. Ved behov har vi høve til å avtale fysiske besøk på legesenter eller heimebesøk av lege, legg Gottliebsen til.

Klikk for stort bileteKristian Gottliebsen - kommuneoverlege i Herøy kommune. Iselin Nevstad Øvrelid Har ein behov for helsehjelp skal ein RINGE legesenteret. IKKJE møte opp med mindre dette er spesifikt avtalt!

Bebuarar i institusjonar skal sikrast medisinsk oppfølging og ved sjukdom behandlast der, så langt det er mogleg.

Innbyggjarane skal også ha tilgang til akutt nødvendig tannhelsehjelp.

- Det er elles viktig å følgje opp og prioritere psykisk sjuke, nyfødte med 6-vekerskontrollar, gjennomføring av barnevaksinasjonsprogrammet, barn og unge med spesielle behov eller familiar der det er bekymring for. I tillegg til gravide som har påvist sjukdom eller er i risiko for å utvikle sjukdom eller skade for seg sjølv og fosteret, eller barnet på sikt, avsluttar kommuneoverlege Kristian Gottliebsen.