Vi startar å vaksinere i dag

Klikk for stort bileteDei første 35 dosane med vaksinen mot covid-19 er på plass i Herøy. Kari-Janne Ljones Kulø, vaksinasjonskoordinator og leiande helsesjukepleiar ser fram til å kome i gang i ettermiddag. Iselin Nevstad Øvrelid Dei første vaksinedosane er komne til Herøy. Vi startar å vaksinere bebuarar ved sjukeheimane i ettermiddag, onsdag 6. januar.

Det betyr at startskotet har gått for ein vaksinemaraton som skal vare i mange månader i Herøy kommune og i landet elles.

- Det er ein spanande dag, og vi ser fram til å kome i gang, seier leiande helsesjukepleiar og vaksinasjonskoordinator i Herøy kommune, Kari-Janne Ljones Kulø.

Her finn du spørsmål og svar knytt til Covid-19-vaksinen

Besøk vaksineportalen vår her for å halde deg oppdatert på informasjon knytt til vaksinasjon i Herøy kommune.

Du får beskjed når det er din tur til å bestille time. Pass på at du får SMS om informasjon knytt til vaksinasjon og anna informasjon frå Herøy kommune. Vi kjem også til å informere på nettsida og på Facebook.

Les meir om det i artikkelen: Ikkje gå glipp av viktig informasjon om vaksinasjon.

Du går ikkje glipp av vaksinen

Alle over 80 år blir kontakta på telefon etter kvart som vaksinane kjem. Dette skjer puljevis over fleire veker, avhengig av kor mange vaksinedoser vi får. Vi gjer dette for å sikre at alle som ønskjer det, får høve til å få vaksinen.

Vaksinering av ei aldersgruppe/risikogruppe vil gå føre seg over fleire veker, og skulle du vere så uheldig at du ikkje fekk med deg når dette går føre seg, vil du likevel kunne få vaksinen. Då tek du kontakt med oss og vi gir deg nye vaksinasjonstider ved neste leveranse slik at du får begge dosene med tre vekers mellomrom. 

Alle skal få!

Norske helsestyresmakter forsikrar om at alle som ønskjer vaksine mot koronaviruset skal få høve til å få den, men det er nødvendig å prioritere kven som skal få først sidan vi får doser i ulike puljar. Det er dei nasjonale styresmaktene som avgjer kven som skal få først. Du får beskjed når det er din tur, og derfor er det viktig å halde seg oppdatert på nettsida og via SMS når vaksinen er klar til deg.

Alle som skal vaksinerast må ha to doser med minst 3 veker mellomrom. Når du får bestille tid for vaksinering vil du få time til både første og andre dose. Vaksinen er gratis og frivillig.

Det er også lov å ombestemme seg. Om ein først har sagt nei til vaksine, kan ein likevel få den seinare. Då må ein berre vente til neste leveranse.