Vi stenger koronatelefonen

Klikk for stort bileteDu vil likevel få svar på det du lurer på.

Sidan tenestene våre no skal tilbake til normal drift har vi ikkje kapasitet til å svare på koronatelefonen.

Du må gjerne halde fram med å sende spørsmål om det du lurer på som er knytt til korona. Det gjer du ved å sende e-post til: korona@heroy.kommune.no.

Vi vil svare deg så raskt vi kan!

På heimesida vår finn du oppdatert informasjon om covid-19 (koronavirus), samt oversikt over dei mest stilte spørsmåla.

Ringer du koronatelefonen kan du bli kopla vidare til sentralbordet som vil formidle spørsmåla dine vidare.