Vi tilpassar vaksinasjon for deg som jobbar på sjø

Illustrasjonsfoto: Havila Clipper. Jan-Rune Smenes Reite/Pexels.com I veke 19 startar vi opp med sjølvbestilling av koronavaksinen for prioriteringsgruppene under 65 år. Sidan du skal ha to dosar og skal sette deg opp på to ulike timeavtalar, kan det skape utfordringar for deg som jobbar offshore eller med fiskeri.

- Vi har stor forståing for at det vert vanskeleg å få vaksinedosane med akkurat seks vekers mellomrom når ein jobbar turnus anten offshore eller med fiskeri. Det skal vi sjølvsagt hjelpe med å tilpasse til dei som treng det på grunn av jobbomsyn, seier vaksinasjonskoordinator, Kari-Janne Ljones Kulø.

Når vi kjem så langt at ein får høve til sette seg opp på timebestilling for dose 1, så skal ein samstundes berre godta tid for dose 2. Hugs likevel å ringe koronatelefonen for å få hjelp til å endre timeavtale på 2. dose. Dette må gjerast manuelt av oss. Dette gjeld berre dei som av jobbomsyn (offshore, fiskeri og liknande) tilpasse tidspunktet for dose 2.

Koronatelefon: Tlf. 469 15 360.

Det er viktig at du med ein gong tek kontakt og får endra timeavtalen, slik at andre kan få tildelt timen din. Sidan det er Pfizer/BioNTech-vaksinen vi nyttar i Herøy no, kan dose 2 settast frå veke 3 og utover. Om du må utsette dose 2 litt, får du like god effekt av vaksinenl. Det tek berre litt lenger tid. Ta kontakt, så finn vi den tid som passar best for deg!

Har du ikkje registrert deg for vaksinasjon? Gjer det her. Då får du SMS når det er din tur å booke deg time.

Hald deg oppdatert på vår vaksinasjonportal her.