Vi ynskjer innspel til "Utviklingsplan for Herøy gard 2022-2025"

Klikk for stort bileteMuseumsvert viser rundt ei gruppe sommaren 2020 

Utval for næring, kultur og idrett har gjort vedtek om å legge «Utviklingsplan for Herøy gard 2022-2025» ut til offentleg ettersyn i fire veker. No ønskjer vi innspel frå deg.

Utviklingsplanen for Herøy gard er ei revidering av «Sagaøya Herøy – Utviklingsplan for Herøy gard» frå 1994. Planen har status som temaplan og skal fungere som eit overordna styringsverktøy for prioritering av tiltak knytt til drift og utvikling av Herøy gard. Målgruppa for «Utviklingsplan for Herøy gard» er kommunen, næringsliv, lag og organisasjonar, andre samarbeidspartar og interessentar. Planarbeidet vart starta opp i 2021 etter vedtak i K-sak 143/20.

Kommunestyret sitt standpunkt om Herøy gard, er at det vil vere avgjerande for den samla aktiviteten, no og i framtida, at garden blir verande i kommunen sitt eige slik at bygningar og eigedom kan vere utgangspunkt for heilskapleg utvikling av området. Dette er lagt til grunn for arbeidet med utviklingsplanen, som omhandlar både kommunens eigen aktivitet på staden, samt samhandling mellom kommunen og andre samarbeidspartar/ interessentar. Kommunen skal drifte og utvikle Herøy gard i eigen regi, samt legge til rette for at andre relevante aktørar kan utøve og utvikle sin aktivitet der. Til saman vil dette sikre god drift og langsiktig utvikling av Herøy gard, og bidra til å gjere Herøy kommune attraktiv å besøkje, bu og arbeide i. Det er naudsynt for kommunen å kartleggje og dokumentere framtidige utfordringar og oppdatere kunnskapsgrunnlaget kontinuerleg. 

Planen er utarbeidd med bakgrunn i gjeldande planar, føringar og samtalar med interessentar innan felta kultur- og kulturminnevern, natur- og friluftsliv og reiseliv. Planen skal leggjast fram for offentleg høyring før slutthandsaming i Herøy kommunestyre.

Dokumentet finn du her: Framlegg til utviklingsplan (PDF, 13 MB)

Innspel gir du elektronisk i eige skjema. Ved innspel blir du bedt om å legge inn årstal som er 2021 og mappenummer som er 272.

Frist: 23.april 2021.