Videokalender frå Herøy kommune

Kommunikasjonsavdelinga står bak årets adventskalender som denne gong også vert ekstern til glede for alle herøyværingar. F.v: Iselin Nevstad Øvrelid og Thomas Teige Sporsheim. Sistnemnde filmar alle videolukene. Foto: Wenche Moltu 1. desember køyrer vi i gang ein adventskalender via intranett, nettsider og Facebook-sidene til Herøy kommune.

Kvar dag til og med julaftan får du møte tilsette i Herøy kommune som fortel om sitt fagområde og sin jobb, og som presenterer ein bokstav.

24. desember har du fått 24 bokstavar som du må stokke og sette saman til ein bodskap. Bodskapen består av fleire ord.

Løysingsbodskapen kan du jobbe med heile romjula og nyttårshelga om du vil, men første veka i januar blir det trekking av fine premiar blant alle som har sendt inn rett svar. Det vert både internt premiering for tilsette og ekstern premiering for alle andre som ønskjer å delta.

- Vi håpar sjølvsagt at du vil vere med, seier kommunikasjonssjef, Iselin Nevstad Øvrelid.

- Adventskalender var først og fremst tenkt som eit trivselstiltak for tilsette, men når vi først gjekk i gang med filming, kvifor ikkje gjere den til noko kjekt for alle i Herøy i førjulstida. Vi lagar ikkje til aventskalender berre på gøy, men fordi vi er ein stor organisasjon med tilsette som jobbar på ulike stadar med ulike fagområde. Eit av satsingsområda våre for internkommunikasjon er å styrke vi-kjensla i Herøy kommune. Vi jobbar saman mot felles mål. Samstundes ønskjer vi å vise fram alle dei veldig varierte fagområda og viktige jobbane som vert gjort i Herøy kommune, kvar dag heile året. Vi får nok ikkje presentert alle på 24 dagar, men vi kjem eit godt stykke på veg, seier Nevstad Øvrelid.

Korleis deltek eg?

Svaret ditt sender du til julekalender@heroy.kommune.no.

Frist: 03.01.22, kl. 16.00.

Takk til alle som har gitt premiar

Vi vil takke alle som har bidrege med premiar:

  • Sunnmørsbadet
  • Fosnavåg kino
  • Herøy produksjon
  • Sparebank 1 Søre Sunnmøre
  • Fosnavåg Notbøteri AS
  • Leinebris
  • Meny Fosnavåg

Vi informerer om kven som vert dei heldige vinnarane første veka i januar.

NB! Vinnarane må hente premiar ved Herøy rådhus i opningstida.

God adventstid og lukke til!