-Viktig at dagsenteret finnast

Ordførar Arnulf Goksøyr gratulerer Ronny Moltumyr med 20 års-markering hjå Solheim dagsenter. I bakgrunnen ser vi Eli Dypvik, Rigmor Gotten Pettersen og Einar Pettersen. - Klikk for stort bileteOrdførar Arnulf Goksøyr gratulerer Ronny Moltumyr med 20 års-markering hjå Solheim dagsenter. I bakgrunnen ser vi Eli Dypvik, Rigmor Gotten Pettersen og Einar Pettersen.

 

Denne veka markerte Solheim dagsenter 20 år, og det gjorde dei med både kake, svele og besøk frå Herøy sin ordførar Arnulf Goksøyr.

Tekst og foto: Thomas Teige Sporsheim

Dagleg leiar Ronny Moltumyr var glad for å markere 20 år etter oppstarten i det gamle doktorkontoret på hausten 1998. Sidan 2010 har Solheim dagsenter vore i Klokkargarden 4, den gamle prestebustaden.

- Det skal vere så alminneleg og inkluderande som mogleg her. Vi skal ha det kjekt med aktivitetar. Det er viktig at Herøy Kommune har dagsenter, for det er kommunar som ikkje har det. Dei som går på dagsenteret har som regel ikkje ein vanleg jobb, men miljøet her ynskjer vi skal erstatte eit jobbmiljø, seier Moltumyr. Miljøet på dagsenteret kan også erstatte familierelasjonar eller vere som ei utvida familie.

- Kome for å bli

Ordførar i Herøy Kommune, Arnulf Goksøyr var også innom og fekk seg både kake og svele i tillegg til ein god prat med dei på dagsenteret.

- Når Solheim dagsenter har vore eit tilbod i 20 år så vitnar det om at dagsenteret er kome for å bli, smilar ordførar Goksøyr. Ronny Moltumyr legg til at han ynskjer at politikarar kan sjå innom Solheim, og dei er velkomne spesielt på dei opne tysdagane på dagsenteret mellom kl.11 og kl.15.

- Betyr alt

Ein brukar som ynskjer å vere anonym, er klar på at dagsenteret er nødvendig.

- Eg har gått her i 19 år og det hadde ikkje vore lett å klart seg utan. Det er godt å kome seg ut av huset og til noko sosialt. Det betyr alt, det er min andre heim, seier vedkomande.

Miljøarbeidar Eli Dypvik har vore med sidan starten.

- 20 år har gått særs fort og det har vore kjekt. Det er viktig at dagsenteret finnast, seier ho.

Ein annan som ynskjer å vere anonym føler at eiga tryggleik er betre no.

- Eg var skeptisk i starten men eg har det tryggare og betre sosialt no. Det var ein høg terskel for å vere med. Men no er det betre og får ein vere med på aktivitetar. Dagsenteret er min psykolog, avsluttar han.

 

God kake blei servert dei som var tilstade på markeringa - Klikk for stort bileteGod kake blei servert dei som var tilstade på markeringa