Vil du bli digital bøsseberar?

Klikk for stort bileteI år er det ein annleis TV-aksjon der ein grunna koronapandemien må bytte ut dei fysiske bøsseberarane med digitale bøsseberarar.

For å verte ein digital bøsseberar, må du ha ein e-post for å registrere deg. Vi oppmodar likevel barn og vaksne til å lage ei digital bøsse saman. 

Det postnummeret du er registrert på er der du og andre finn den digitale bøssa di. Sjå her.

Pengane som kjem inn i bøssa går direkte og uavkorta til TV-aksjonen, men på statistikken blir det registrert på kommunen din.

Har du problem med registreringa kan du ringe 02025. Nokon vil hjelpe deg.

TV-aksjonen Herøy har si eiga digitale bøsse, og du kan gi bidrag i den her.

Vil du lese meir om digitale bøsser? Då finn du meir utfyllande informasjon her.

Les meir om årets TV-aksjon her.

Lukke til med innsamlinga og takk for innsatsen!