Vil du kome med innspel til budsjett- og økonomiplanen?

Klikk for stort bileteBudsjett- og økonomiplan 2020-2023 er i ferd med å ta form, og er no ute til høyring. Dersom du vil gje innspel til denne, kan du det fram til og med 12. desember 2019. Illustrasjon: Pixabay     

Forslag til budsjett 2020 og økonomiplan 2020-2023 har no blitt handsama i tre formannskaps-møter – sist i møte 26. november 2019. Det vart stemt over 3 ulike forslag. Høgre og FRP sitt forslag fekk 3 røyster, Folkelista sitt forslag fekk 1 røyst og rådmannen sitt forslag fekk 6 røyster (AP, KRF, SP og Folkelista). Dette er tilrådinga som går til kommunestyret.

I fleirtalet sitt framlegg er budsjettet saldert med bl.a. rammereduksjonar (20 mill kr) og bruk av disposisjonsfondet (nær 15,0 mill kr). 

I tillegg har framlegget til rådmannens investeringsplan for 2019 blitt tilrådd slik den låg føre. I løpet av 4 års perioden er det budsjettert med investeringar på i overkant av 300,0 mill kr. Dei største investeringane gjeld kommunale utleigebustadar og tilbygg til Herøy rådhus det politiet skal få nye lokaler. 

De har høve til å kome med innspel på budsjett 2020 og økonomiplan 2020-2023 samt til nokre gebyr og avgiftssaker.

Dokumenta finn du her:

 

Gebyrregulativ: 

Dokumenta finn du også  i eigen perm i Servicetorget.  Her ligg også detaljar for drift og investering samt budsjettkommentar frå Helse og omsorg, Oppvekst, Eigedom, Kyrkjeleg fellesråd og Kontrollutval Vest.

Innspela kan sendast inn på fleire måtar:

E-post: postmottak@heroy.kommune.no

Emnefelt i e-post: Budsjett 2020  for det som gjeld budsjett og økonomiplan

Eller emnefelt:  Gebyr- og avgiftssaker for det som gjeld desse sakene.

Post: Herøy kommune, Pb 274, 6099 Fosnavåg, merk med: Budsjett 2020.

Elektronisk skjema: Du kan gå inn her og skrive innspelet i det elektroniske skjemaet.

Frist for innspel: 12.12.2019, kl 12.00