Vil du vere besøksheim?

Klikk for stort bilete Pixabay Barneverntenesta  har behov for besøksheimar / avlastningsheimar som kan ta på seg oppdrag ein eller fleire helgar i månaden. Ettermiddagar kan også være aktuelt. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og er ei støtte for familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Behovet vil variere alt etter barn/familie og vil bli vurdert i kvar enkelt sak.

Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen hjå biologiske foreldre, men skal samarbeide med desse.

Slektningar kan også vere besøksheim.

Besøksheimen inngår avtale med kommunen om omfang og innhald i oppdraget. Her avtalast også kva godtgjering og øvrige økonomiske rammer som skal gjelde.

Besøksheimen må legge fram gyldig politiattest før oppstart.

Det er ønskjeleg med besøksfamilier med eigne barn i skulealder, men også andre familiar er aktuelle.

Ta kontakt med barneverntenesta ved spørsmål.