Dette er ein del av satsinga barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal. Den har som mål å utarbeide samhandlingsforløp for dei sju vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge: Angstplager, autismespekterforstyrring, bekymring for barn 0 – 3 år, vanskar med merksemd og uro, spisevanskar og spiseforstyrringar, depresjonsplager og triste kjensler, vald, overgrep og omsorgssvikt.
Desse forløpa skal fungere som eit kart over tenestene og gi brukarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.
Med samlinga vil ein få fram brukarstemma. Kva er viktig for brukarane i det psykiske helsetilbodet for barn og unge i fylket vårt? Det vil verte informasjon om satsinga og nokre spørsmål i grupper. Innspel vert tatt med i det vidare arbeidet med satsinga.
Målet er at barn og ungdom skal få rett hjelp hjå rett teneste og at tiltaka frå ulike tenester heng saman slik at det opplevast som eit heilskapleg tilbod for den det gjeld og familien rundt.
Målgruppa er brukarar over 12 år og pårørande. Workshopen er planlagt av Ungdomsrådet i Helse Møre og Romsdal i samarbeid med Lasse Honningsvåg og prosjektkoordinator for satsinga barn og unges helseteneste, Toril Kvisvik.
Samlinga er 1. februar kl. 18.00 - 20.00 på teams.
For spørsmål og påmelding, ta kontakt:
Lasse.alexander.olsen.honningsvag@helse-mr.no
Påmeldingsfrist er 26.januar.