Ynskjer kandidatar til kulturprisen og ungdomens kulturpris

Klikk for stort bileteI fjor vår skulle Herøy kommune ha delt ut Kulturprisen og Ungdomens kulturpris for 2019, men dei planane vart stoppa av pandemien. Vi inviterte til å sende inn forslag i fjor også, men responsen var så liten at vi no ber om forslag på kandidatar for både 2019 og 2020. Frist for å kome med forslag er sett til måndag 1. mars.

Tidlegare har utdelinga av prisane skjedd i eit eige arrangement på Fosnavåg konserthus som vi kalla «Til kulturens pris». I den situasjonen vi er i akkurat no vil utdelinga skje digitalt. Meir info om det kjem seinare.

Framlegg til kandidatar

  • Kulturprisen blir tildelt person(ar), organisasjonar/lag, institusjonar som i si fritid har eller har hatt stor tyding for kulturlivet i Herøy.
  • Ungdommens kulturpris blir tildelt ungdom som utmerker seg i ein kulturaktivitet, eller personar, lag eller organisasjonar som har drive eller driv kulturarbeid mellom ungdom i Herøy på fritida.

Tidlegare mottakarar av prisane

Mottakar av Kulturprisen 2018 var Sunnmørsjekta, og her er litt av grunngjevinga for den prisen:

Juryens begrunnelse for å gi prisen til Sunnmørsjekta er det store arbeidet som er lagt ned av den frivillige veneforeininga som har sett Sunnmørsjekta i stand slik at den igjen kan nyttast til formidling og oppleving for store og små.

Mottakar av Ungdomens Kulturpris 2018 var Adrian Helde, og her fylgjer litt av grunngjevinga:

Adrian har trass sin unge alder (20 år) allereide utmerka seg på mange arenaer. Han er ein gut med mange talent og juryen ønskjer å gi han merksemd for det han har gjort til no og for å stimulere til å utvikle talentet vidare.

Kven som får prisane er like spanande kvart år. Juryen har jamt over mange kandidatar å velje mellom, og har oftast ein vanskeleg jobb. Dei fleste innkomne forslaga er gode kandidatar og fortener ære for den innsatsen dei gjer innan kulturfeltet i dei ulike miljøa. Sidan kommunen ikkje kan utnemne fleire kulturprisvinnarar er signalet til dei som har sendt inn forslag tidlegare; prøv igjen. I år er det soleis dobbel sjanse for at akkurat din kandidat kan få prisen.

Frist 1. mars

Fristen for å sende inn forslag til kommunen på kandidatar til begge kulturprisane er sett til 1. mars. 

Lenkje til skjema finn du her.

Har du ein kandidat du brenn for, så vil vi gjerne høyre frå deg.

Kulturprisane er ein sjekk samt ein statuett laga av kunstsmed Steven Carpenter. Det er designbyrået Heydays som har designa statuetten med utgangspunkt i logoen til Fosnavåg konserthus. Ungdommens kulturpris er blankslipt, medan sjølve kulturprisen er værbitt.

Sjå meir her.

Det er Nordea, Sparebanken Møre og Herøy kommune i samarbeid som tildeler kulturprisane.